Åsen i Levanger
Åsen er ein tidlegare kommune i Nord-Trøndelag, sidan 1962 eit bygdelag i Levanger kommune. Åsen er og eit sokn i Frosta prestegjeld i Sør-Innherad prosti. Bygda har i dag rundt 3 500 innbyggjarar.
Formannskapsdistriktet Åsen blei oppretta i 1837. Den 1. januar 1962 gjekk Åsen saman med Frol, Levanger og Skogn inn i Levanger kommune.