Åsta
kvinnenamn
- For busetnaden, sjå Åsta i Åmot. For elva, sjå Elva Åsta.
Åsta, òg skrive Aasta, er eit kvinnenamn. Namnet kjem frå norrønt Ásta og er ei kortform av Astrid eller ein variant av Åsa, med tydinga 'ås' (gud). Andre former av namnet er Åste og Asta.
Åsta og Åste har namnedag den 28. mars.
Bruk
endreNamnet vart vanleg frå 1300-talet og framover.
Namnet er lite kjend utanfor Noreg. I 2009 var det 870 kvinner som heitte Åsta i Noreg, 463 heitte Aasta, 136 heitte Åste. 930 heitte Asta. Namna var mest bruke dei første 30 åra av 1900-talet.
Kjende namneberarar
endre- Åsta Gudbrandsdotter, mor til Olav den heilage og Harald Hardråde som levde på 1000-talet
- Aasta Hansteen (1824–1908), norsk målar, forfattar og forkjempar for kvinnesaka.
- Åsta Holth (1904–1999), norsk forfattar
- Åsta Hjelm (1919–2003), norsk komponist og tekstforfattar.
Kjelder
endre- «Åsta» i Store norske leksikon, snl.no.
- Søk etter norsk namnestatistikk for Åsta hjå Statistisk Sentralbyrå