Astrid
kvinnenamn
Astrid og Astri er kvinnenamn av norrønt opphav. Det er sett saman av ás, 'ås' eller 'gud', og fríðr, 'ven'.
Astrid har namnedag den 13. april i Noreg og den 27. november i Sverige.
Bruk
endreNamnet Astrid er kjend frå nordisk og tysk namnetradisjon.
Opphav og variantar
endreDen norrøne forma av namnet var Ásfríðr eller Ástríðr. Astridh og Æstridh er gammalsvenske former av namnet. Estrith er ei austnordisk form, og namnet Estrid er særleg kjend frå moderne dansk.
Asta kan vera ei kortform av namnet og Sassa er ei svensk kjæleform.
Namneberarar
endre- Astrid Langjord (1885–1956), norsk diktar og organisasjonskvinne
- Astrid Tollefsen (1897–1973), norsk diktar
- Dronning Astrid av Belgia (1905–1935), svenskfødd dronning
- Astrid Lindgren (1907–2002), svensk forfattar
- Astrid Krog Halse (1914–2007), norsk diktar
- Astrid Hjertenæs Andersen (1915–1985), norsk forfattar
- Astrid Gjertsen, (f. 1928), norsk politikar, tidlegare statsråd.
- Prinsesse Astrid, fru Ferner (f. 1932) av Noreg
- Prinsesse Astrid av Belgia (f. 1962)
- Astrid Aarhus Byrknes (f. 1963), norsk lokalpolitikar, ordførar i Lindås kommune
- Astrid Farestveit Selsvold (f. 1964), norsk lokalpolitikar, ordførar i Kvam herad
- Astrid Sverresdotter Dypvik (f. 1977), norsk målforkjempar og mediekvinne
- Astrid Jacobsen (f. 1987), norsk langrennsløpar
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Astrid (navn)» frå Wikipedia på bokmål, den 12. april 2009.
- ÁSTRÍÐR ved behindthename.com
- Søk etter norsk namnestatistikk for Astrid hjå Statistisk Sentralbyrå