Åsta Holth Vestlien (fødd 13. februar 1904 i Grue i Solør, død 16. mars 1999 i Kongsvinger) var ein norsk forfattar, kjent for fleire romanar om folket sitt, skogfinnar, som innvandra til Finnskogen.

Åsta Holth

Statsborgarskap Noreg
Fødd 13. februar 1904
Svullrya
Død

16. mars 1999 (95 år)
Kongsvinger kommune

Yrke lyrikar, skribent
Åsta Holth på Commons

Ho var oppvaksen på finnetorpet Sør-Revholt (derfor etternamnet), og vart gift med Per Vestlien, bror av forfattaren Martin Vestlien. Av utdanning tok ho hagebruksskule og kunst- og handverk. Ho var tidleg aktiv skribent for teater med I Luråsen (Noregs Ungdomslag, 1929), Gurigjenta (1931), Byjåla (Noregs Boklag, 1934) og Vegen fram (Arbeiderteatret, 1935).

Debuten hennar var forteljingane frå heimplassen, Den Gamle bygdevegen: Finnskogfortellinger (novellesamling, Rosén forlag, 1944), etterpå kom diktsamlinga Porkkala-fela (Aschehoug, 1946). Deretter kom trilogien om farsslekta (Gyldendal), Paal Hendrikson Tyyskiäinen og kona hans Kerttei; Kornet og freden (1953), Steinen blømer (1963) og Kapellet (1967), òg utgjeven igjen som Finnskogtrilogien (2002). Morsslekta hennar (Plate) er skildra i ein trilogi (Gyldendal): Guldsmeden (1958), om Berendt Plate, Presten (1971) om sokneprest Johan Plate i Enebakk og Johannes (1975) om Johannes Gjedtjernet.

På 1980-talet utgav ho novellesamlinga Nådens år (1982), Fattigmanns kokebok (1985) og sivilisasjonskritikken Volva (1987). Hennar siste bok var Den blå hesten (Solør-forlaget, 2000) om kvinnefrigjering. Fleire av bøkene er omsette, blant anna til russisk.

Politisk var ho medlem i Noregs Kommunistiske Parti og motstandar av NATO og EU. Ho var ei tid president i Republikken Finnskogen. Livet hennar er skildra i Sven R. Gjems, Åsta i våre hjerter (Finnetunet museum/Norsk Skogfinsk museum, 2003).

Randi Brenden har skrive ein artikkel om Holth i Norsk Biografisk Leksikon, basert på si eiga doktoravhandling (2004). I 1995 vart Holth heidra med ei byste av kunstnar Skule Vaksvik.

Prisar og utmerkingar endre

Kjelder endre

Referansar endre

  1. Landet rundt, NTBtekst 27. juli 1994.

Bakgrunnsstoff endre