Opna hovudmenyen

Runcorn

ilver Jubilee Bridge i Runcorn
ilver Jubilee Bridge i Runcorn
Plassering
Runcorn is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of England.svg England
Grevskap Cheshire
Distrikt Halton
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2009)

61 500
Koordinatar 53°20′″N 2°43′″WKoordinatar: 53°20′″N 2°43′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer WA7
Telefon-retningsnummer 01928
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Runcorn

Runcorn er ein industriby i distriktet Halton i Cheshire i England I 2009 vart folketalet estimert til 61 500.[1] Byen ligg på sørsida av elva Mersey der estuaret smalnar til og dannar Runcorn Gap. Like på andre sida av Mersey ligg byen Widnes. 12 km oppover elva mot nordaust ligg Warrington and 26 km mot vest ligg byen Liverpool.

Runcorn jernbanestasjon ligg på ei grein av West Coast Main Line. Han har faste samband til London, Liverpool og Birmingham. Vegen A533 går gjennom byen og kryssar Runcorn Gap over Silver Jubilee Bridge, den siste bruovergangen over Mersey før munningen hennar. Manchester Ship Canal går mellom byen og Mersey og Bridgewater Canal passerer gjennom eine enden av byen.

Runcorn var ein liten, isolert landsby fram til den industrielle revolusjonen. Det var ein kurstad seint på 1700- og tidleg på 1800-talet. Mot slutten av 1700-talet byrja det å utvikle seg ei hamn på sørsida av Mersey. På 1800-talet vart det utvikla industriar innan såpe og alkalisk stoff, steinbrot, skipsbygging, ingeniørvitskap og garveri. Tidleg på 1900-talet var hovudnæringane kjemikaliar og garving. Den opphavlege landsbyen har vokse og innlemma andre landsbyar. Ein ny by vart bygd aust for den eksisterande byen i 1960- og 1970-åra og fleire bustadområde er oppretta.

KjelderEndra

  1. Halton Population, Halton Borough Council, henta 13. juli 2011 

BakgrunnsstoffEndra