Émile Zola
Émile Édouard Charles Antoine Zola (2. april 1840–29. september 1902) var ein viktig fransk forfattar og poet, ein av dei viktigaste innanfor naturalismen, og ei viktig drivkraft i den politiske liberaliseringa av Frankrike.
Émile Zola | |
Statsborgarskap | Frankrike |
Fødd | 2. april 1840 Paris, rue Saint-Joseph |
Død |
29. september 1902 (62 år) |
Yrke | politisk journalist, kunstkritikar, romanforfattar, essayist, skodespelforfattar, novelleforfattar, litteraturkritikar, teaterkritiker, journalist, skribent, lyrikar, fotograf, librettist |
Språk | fransk |
Sjanger | roman, novelle |
Religion | ateisme |
Far | François Zola |
Mor | Émilie Aubert |
Ektefelle | Alexandrine Zola |
Born | Jacques Rozerot, Denise Aubert |
Émile Zola på Commons |
Émile Zola skreiv det verdskjende opne brevet: J'accuse (Eg anklagar) om Dreyfus-saka, som dreidde seg om ein dom for spionasje av ein uskuldig fransk offiser. Brevet var retta mot den franske presidenten og vart offentleggjort i avisa L'Aurore den 13. januar 1898. Zola innser i brevet at ytringa hans er eit lovbrot (injurie), men skriv det likevel som ei samvitshandling. Han vart då òg dømd til fengsel for det, men brevet var i høg grad medverkande til at saka mot den dømde offiseren vart teke opp att og til at den uskuldige fekk oppreising.
Biografi
endreZola starta utdanninga si i Aix-en-Provence, der far hans, ingeniør Francois Zola, ein italienar, var busett og døydde i 1847. Mora, som var fransk, flytta med sonen sin til Paris, der han 1858 starta på Lycée Saint-Louis. Han hadde planar om å verte advokat, men fall gjennom i eksamen 1859 og søkte arbeid som kontorist, men forlet plassen etter to månader. Han levde i mars 1860 til februar 1862 eit bohemliv til han fekk plass i Hachette & co:s forlagsbokhandel. Etter nokre år hadde han skrive vers som var meir som etterklangar (Musset m. fl.) og fann ikkje forleggjarar. 1864 fekk han likevel gjeve ut nokre dikt i L'académie des jeux floraux i Toulouse og same år kom debuten hans, novellesamlinga Contes à Ninon, naive små skildringar, satiriske eventyr, fantasiar, heilt ulikt hans seinare verk. Han skreiv så avisartiklar, spesielt kritikk av kunst og litteratur i Figaro og L'événement, som fekk merksemd av fagfolket og det interesserte Manet, den enno ukjende målaren, og dei realistiske tendensane. Dei samla seg i Mes haines, causeries littéraires et artistiques (1866), der mellom anna Mon solon finst.
Bibliografi
endre- 1867 - Thérèse Raquin
- 1871-1893 - Les Rougon-Macquart
- 1871 - La Fortune des Rougon
- 1872 - La Curée
- 1873 - Le Ventre de Paris
- 1875 - La Faute de l'Abbé Mouret
- 1876 - Son Excellence Eugène Rougon
- 1877 - L'Assommoir
- 1880 - Nana
- 1880 - Le Roman expérimental
- 1882 - Pot-bouille
- 1883 - Au Bonheur des dames
- 1885 - Germinal
- 1886 - L'Œuvre
- 1887 - La Terre
- 1891 - L'Argent
- 1892 - La Débâcle
- 1901 - Le garcon
Bakgrunnsstoff
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Émile Zola» frå Wikipedia på bokmål, den 31. mai 2009.