Ølebrød

Ølebrød er suppe eller graut laga av kokt øl med brødbitar oppi.

Ei skål ølebrød servert med krem og rive appelsinskal.

Retten er kjend frå dansk tradisjon (som øllebrød, ølbrød eller ølogbrød), laga av øl som hvidtøl og restar av rugbrød. Det var ein typisk restematrett som ein kunne ha til frukost, sjukekost eller ein beskjeden middagsrett.[1] I dag lager ein gjerne retten søta med sukker og smakt til med t.d. sitron eller appelsin. Retten kan severast med mjølk eller krem til.[2][3] Ein kan også ha rosiner i ølebrød.[4]

I kulturenEndra

 
Kvinne som laver øllebrød hos Leonora Christine i Blåtårn. Kristian Zahrtmann, 1896, Bornholms Kunstmuseum

I Jean de France av Ludvig Holberg seier Jeronimus:

... jo, jo, forsøg kun, at give eders Søn reven Øll og Brød til Frokost, som tilforn, see, om hand icke vil svare: Jeg er vant til Chocolade udi Holland;...

Den norske songruppa The Monn Keys blei kjend for songen «Øllebrød» i 1952.[5]

KjelderEndra

  1. Øllebrød i Den store danske
  2. Marianne Kastberg og Kirsten Høgh Fogt: God mad let at lave, Lindhardt og Ringhof (2013, 9. udg.), ISBN 9788711382578
  3. Inger Abildgaard (15. juni 2012). «Brug rugbrødsresterne til øllebrød». Samvirke. Henta 18. maj 2014. 
  4. «ølebrød» i Nynorskordboka.
  5. Sølvi Wang i Norsk biografisk leksikon

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedium som gjeld: Ølebrød