Øvre Årdal
(Omdirigert frå Øvre Årdal sokn)
Øvre Årdal er ein industristad i Årdal kommune i Vestland. Tettstaden har 3 082 innbyggjarar per 1. januar 2023 og ligg ved nordaustre enden av Årdalsvatnet, ved utlaupet til Utla, tolv kilometers køyring frå Årdalstangen.
Øvre Årdal | |||
stad | |||
Øvre Årdal ved Årdalsvatnet.
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Årdal | ||
Areal | 1,88 km² | ||
Folketal | 3 082 (2023) | ||
Folketettleik | 1 639 / km² | ||
Postnummer | 6884 ØVRE ÅRDAL | ||
Ferdselsårer | 53 | ||
Øvre Årdal 61°18′31″N 7°48′10″E / 61.308611111111°N 7.8027777777778°E | |||
Wikimedia Commons: Øvre Årdal |
Her ligg Farnes kyrkje frå 1970, Årdal vidaregåande skule og barne- og ungdomsskulen Farnes skule. Aluminiumsverket til Hydro Aluminium er ei hjørnesteinsverksemd i Øvre Årdal.
Øvre Årdal er òg namnet på eit kyrkjesokn i Sogn prosti. Soknet vart oppretta samstundes med opninga av Farnes kyrkje i 1970, då Årdal sokn vart delt i to sokn som fekk namna Øvre Årdal og Nedre Årdal.[1]
Folketalsutvikling
endreFolketalsutvikling på Sogndalsfjøra | ||||
---|---|---|---|---|
År | Innbyggjarar | |||
1920 | 521 | |||
1930 | 611 | |||
1946 | 888 | |||
1950 | 1 892 | |||
1960 | 3 544 | |||
1970 | 4 794 | |||
1980 | 4 020 | |||
1990 | 3 818 | |||
2000 | 3 566 | |||
2009 | 3 456 | |||
2012 | 3 397 | |||
Kjelder: SSB: Norske folketeljingar |
Bilde
endre-
Øvre ÅrdalFoto: Svein-Magne Tunli
-
Bustadhus i Øvre Årdal
Sjå òg
endreKjelder
endreFotnotar
endreBakgrunnsstoff
endre- Eldre fotografi frå Øvre Årdal på nettstaden til Nasjonalbiblioteket
- Om Øvre Årdal sokn på nettstaden til Den norske kyrkja=Denne geografiartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.