Øya Belyj
Belyj (russisk Белый остров eller Belyi ostrov) er ei relativt stor øy i Karahavet like utanfor Jamalhalvøya i Sibir i Russland.
Belyj | |||
øy | |||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Belyj 73°15′00″N 70°50′00″E / 73.25°N 70.833333333333°E | |||
Belyj i Karahavet
| |||
Wikimedia Commons: Bely Island |
Belyj dekkjer eit areal på 1810 km². Ho er dekt av tundra, men ein finn òg noko lågt kratt på øya. Mellom øya og fastlandet ligg Malyginasundet som er 8-10 km breitt og islagd det meste av året.
Øya høyrer til Jamalo-Nenetsk autonome okrug, som høyrer til den nordlege delen av Tjumen oblast.
Det ligg ein russisk forskingsstasjon heilt nordvest på Belyj.
Nærliggande øyar
endreI den store bukta på austsida av Belyj ligg ei 10 km lang øy kalla Bezymjannij. Ostrov Tabango og Ostrov Tiubtsiango ligg 20 km sør for det søraustlege hjørnet av Belyj.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Bely Island» frå Wikipedia på engelsk, den 14. juli 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Vegetasjon på Belyj: [1]
- Satellittbilete av den russiske forskingstasjonen: [2]
Bakgrunnsstoff
endre- Bilete av polarstasjonen Arkivert 2006-10-07 ved Wayback Machine.