Øystein Rian (fødd 23. februar 1945) i Lillehammer) er ein norsk historikar og professor ved Universitetet i Oslo. Spesialområda hans er dansketida frå 1500 til 1814 med vekt på politisk, sosial og regional historie. Han har utgjeve fleire bøker og publikasjonar, er redaktør av Historisk tidsskrift og foredragshaldar i NRKs populærvitskaplege radioserie P2-akademiet.

Øystein Rian
Fødd23. februar 1945
Fåberg kommune
NasjonalitetNoreg
Yrkeprofessor, historikar
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi
Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab
Det kongelige danske Selskab for Fædrelandets Historie

Øystein Rian er medlem i Det norske vitenskapsakademi og Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab.

Han er veslebroren til den tidlegare høgrepolitikaren og Tromsøordføraren Erlend Rian.

Bibliografi endre

Øystein Rian har mellom anna skrive desse bøkene:

  • 1975: Jens Juels stattholderskap 1618-29 : en studie i stattholderembetets kompetanse og funksjoner
  • 1980: Vestfolds historie: grevskapstiden 1671-1821
  • 1995: Den nye begynnelsen : 1520-1660 - bind 5 i Ascheougs Norgeshistorie
  • 1997: Bratsberg på 1600-tallet : stat og samfunn i symbiose og konflikt
  • 1997: Den aristokratiske fyrstestaten : 1536-1648 - bind 2 i Danmark-Norge 1380-1814
  • 2002: Norge i dansketiden
  • 2002: Nasjonal identitet i dansketiden
  • 2003: Embetsstanden i dansketida
  • 2003: Maktens historie i dansketiden
  • 2005: Reformasjonstiden som katastrofe i Norgeshistorien

Rian har vore bidragsytar og medforfattar i fleire antologiar og historieverk.

Bakgrunnsstoff endre