Øyungen er eit vatn i Nordmarka i Oslo. Det er 0,75 km² stort, ligg 283 meter over havet, og høyrar til den austre greina av Nordmarksvassdraget.

Øyungen sett mot nordvest. I framgrunnen ein av bålplassane ved Øyungsdammen der Skarselva renn ut.
Øyungsdammen

Vatnet er demma opp med den store Øyungsdammen i søraust, der Skarselva renn ut og ned til Dausjøen, 154 meter over havet, og derfrå er det utløp gjennom Dausjøelva til Maridalsvannet, 149 meter over havet. Øyungen inngår såleis i drikkevassforsyninga for Oslo, men ligg så langt til skogs at vatnet ikkje er underlagt restriksjonar på grunn av dette. Frå Dausjøen og nedetter er det restriksjonar.

Øyungen er er eit veleigna og populært fiskevatn for barnefamiliar og for sportsfiskarar, lett tilgjengeleg frå Skar i Maridalen. Her er det mogleg å få aure, røye og abbor. Folk over 18 år må ha kjøpt fiskekort frå Oslomarkas Fiskeadministrasjon. Det er fine teltplassar ikring dei søndre delane av vatnet. Dessuten ligg ein godkjend bålplass på kvar si side av utløpselva ved Øyungdammen.[1]

Fotnotar endre

  1. Oslomarkas Fiskeadministrasjon: Fiskeguide til Oslomarkas vann og tjern, 2017, side 74 ISBN 978-82-91310-31-2

Bakgrunnsstoff endre