Fri keisarby

(Omdirigert frå Fri kongeleg by)

Ein fri keisarby (tysk freie Reichsstadt) var i Det tysk-romerske riket ein by som var direkte underlagt keisaren, i motsetnad til dei fleste andre byane som vart styrt av ein hertug eller kurfyrste. For det meste innebar keisarstyret berre at byane betalte ei årleg avgift til keisaren, elles var dei i praksis sjølvstendige bystatar. Frie byar vart òg sjølvstendig representert i Riksdagen til Det tysk-romerske riket.

I 1800 var 51 byar rekna som frie keisarbyar. I 1803 oppheva Riksdagen sjølvstendet til alle utanom seks — Hamburg, Augsburg, Nürnberg, Lübeck, Bremen og Frankfurt am Main. I 1805 mista Augsburg statusen gjennom Pressburgfreden, i 1806 skjedde det same med Nürnberg og Frankfurt am Main gjennom Rhinforbundet, og under Napoleonskrigane kom dei tre gjenståande frie keisarbyane under fransk styre. Etter Napoleonskrigane fekk Lübeck, Bremen og Hamburg igjen sjølvstendet sitt. Under samlinga av Tyskland i 1870 vart dei med i det tyske riket som eigne delstatar. Lübeck vart i 1937 fråtatt sjølvstyret sitt av nazistane. Dei to siste byane, Hamburg og Bremen, er framleis eigne forbundsland i forbundsrepublikken Tyskland, noko som er ein arv etter statusen deira som fri keisarby.

Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.