1862 Apollo

asteroide

1862 Apollo er ein Q-type-asteroide oppdaga av Karl Reinmuth i 1932, men mista og ikkje funne att før i 1973. Den er namngjeven etter den greske guden Apollon.

1862 Apollo
Oppdaging
Oppdaga avKarl Reinmuth
Oppdagingsdato24. april 1932
Baneskildring
Epoke 26. november (JD 2453700,5)
Aphel343,216 mill. km (2,294 AE)
Perihel96,850 mill. km (0,647 AE)
Eksentrisitet0,560
Banehelling6,355°
Fysiske eigenskapar
Dimensjonar1,7 km
Masse5.1×1012? kg
2,0? g/cm³
0,0009? km/s
0,1277265 d (3,065436 t)
Albedo0,21[1]

Asteroiden er opphavet til namnet på asteroidegruppa apolloasteroidane sidan den var den første funne; trass i at den har eit høgare nummer enn nokre andre apolloasteroidar slik som 1566 Icarus, dette di den ein stund var tapt.

Apollo var på tida han vart funnen den første asteroiden ein visste om som kryssa bana til Jorda. Nyare observasjonar har derimot avslørt at 887 Alinda også kryssar Jordas bane, og dermed eigentleg er den første asteroiden funnen som kryssar jordbana.

Måne

endre

Den 4. november 2005 vart det kunngjort at ein asteroidemåne var funne i bane rundt Apollo. Den vart funnen ved hjelp av observasjonar frå Arecibo-observatoriet. Mellombelsnamnet til satellitten er S/2005 (1862) 1 og den er rundt 80 meter på tvers. Den har ei bane svært nære Apollo med ein radius på 3 km[2].

Kjelder

endre
  1. http://cdsads.u-strasbg.fr/cgi-bin/bib_query?1989AJ.....97.1211V
  2. http://www.johnstonsarchive.net/astro/astmoons/am-01862.html