Apollo-asteroide
ei gruppe av nærjordsasteroidar namngjeven etter 1862 Apollo, den første asteroiden i denne gruppa som vart oppdaga
(Omdirigert frå Apolloasteroide)
Apolloasteroidane er ei gruppe av nærjordsasteroidar namngjeven etter 1862 Apollo, den første asteroiden i denne gruppa som vart oppdaga. Apolloasteroidane er jord-kryssande asteroidar som har ein store halvakse større enn det jorda har. Nokre av dei kan koma svært nære jorda og utgjer ein potensiell trussel mot planeten. Rekorden for nær passering er knapt 85 000 km (2003). Asteroiden som gruppa er kalla opp etter, 1862 Apollo, vart oppdaga i 1932.
I 2014 kjente ein til 5766 Apollo-asteroidar. Den største av desse er 1866 Sisyphus, som har ein diameter på kring 8,5 km. Tsjeljabinsk-meteoren som eksploderte over Tsjeljabinsk i Russland den 15. februar 2013, var ein Apollo-asteroide.[1][2]
Velkjente apolloasteroidar inkluderer:
Kjelder
endre- Apollo-asteroider. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 21. mars 2015 frå https://snl.no/Apollo-asteroider.