1968-generasjonen

1968-generasjonen eller sekstiåttarane er eit omgrep nytta på den radikale generasjon av studentar i 1968 og dei etterfølgjande åra.

Det skjedde mykje på den verdspolitiske scena i 1968. Martin Luther King jr. og Robert F. Kennedy vart drepne, det var «Prahavår» i Tsjekkoslovakia, opptøyar i Paris og verda såg ei bølgje av studentdemonstrasjonar som blant anna enda i Tlatelolcomassakren i Mexico.

Noreg såg ikkje det same studentopprøret i 1968 som i mange andre land, og det var ikkje før i 1970, med Rød Front si overtaking av Det Norske Studentersamfund, at ein såg ei klar radikalisering av norsk studentliv.

Litteratur

endre
  • Busche, Jürgen. Die 68er : Biographie einer Generation. Berlin : Berlin Verlag, 2003. ISBN 3-8270-0507-8
  • Førland, Tor Egil; Korsvik, Trine Rogg (red). 1968 : opprør og motkultur på norsk. Oslo : Pax, 2006 ISBN 978-82-530-2928-3
  • Gilcher-Holtey, Ingrid. Die 68er Bewegung : Deutschland - Westeuropa - USA. München : Beck, 2001. ISBN 3-406-47983-9
  • Lundberg, Svante. Sextioåttor : studie av en politisk generation. Stockholm : Brutus Östlings Bokförlag, 1993. ISBN 91-7139-175-4
  • Nielsen, Nils-Fredrik. Ekte sekstiåttere spiser ikke seipanetter : portretter fra 68-generasjonens indre og ytre liv. Oslo : Gyldendal, 1984. ISBN 82-05-15088-5

Kjelde

endre

Bakgrunnsstoff

endre