2067 Aksnes
asteroide
2067 Aksnes er ein asteroide i det ytre av hovudbeltet. Han blei oppdaga den 23. februar 1936 av den finske astronomen Yrjö Väisälä og er namnsett etter den norske astronomen Kaare Aksnes. Han blir klassifisert som ein P-type-asteroide, noko som tyder at han kanskje er samansett av organisk rike silikat, karbon og anhydrerte (vasslause) silikat. Kanskje har han òg vassis i det indre.
Oppdaging | |
---|---|
Oppdaga av | Y. Väisälä |
Oppdagingsdato | 23. februar 1936 |
Baneskildring | |
Epoke 2454600,5 JD (14. mai 2008) | |
Aphel | 4,6762742 AE |
Perihel | 3,2320858 AE |
Eksentrisitet | 0,183 |
Banehelling | 3,07146° |
Fysiske eigenskapar | |
Dimensjonar | 42 km |
17,75 t | |
Albedo | 0,0626 |