Opna hovudmenyen

634-5789 (Soulsville, U.S.A.)

«634-5789 (Soulsville, U.S.A.)» er ein soulsong skriven av Eddie Floyd og Steve Cropper. Han vart først spelt inn av Wilson Pickett i 1966 på Atlantic Records-albumet hans The Exciting Wilson Pickett. Singelen nådde toppen av «Black Singles»-lista og 13. plassen på «Pop Singles»-lista.[1] Songen har blitt spelt av andre artistar som Otis Redding, Ry Cooder, Johnny Van Zant, Tower of Power og countrysongaren Trace Adkins. Bruce Springsteen har spelt songen mange gonger på konsertane sine.

Eddie Floyd, Wilson Pickett og Jonny Lang var med i filmen Blues Brothers 2000 i 1998 og framførte «634-5789». Floyd og Pickett spelte eigarane av «Ed's Love Exchange», som ein i følgje historia i filmen kan nå på 1-900-634-5789 (ein referanse til telefonsex-linjer).

Tina Turner-versjonenEndra

634-5789
Singel av Tina Turner & Robert Cray
frå albumet Tina Live in Europe
B-side «Help!» (Live)
Utgjeve 1989
Innspelt 1986
Sjanger Pop, soul, rock, R&B
Lengd 3:05
Selskap Capitol
Låtskrivar(ar) Eddie Floyd
Steve Cropper
Produsent John Hudson
Tina Turner-kronologi
«Tonight (Live)»
(1988)
634-5789 «The Best»
(1989)


Tina Turner spelte songen i TV-programmet Break Every Rule, der ho tolka klassiske soulsongar med gitaristen og songaren Robert Cray, inkludert «634-5789» Sam Cooke sin «A Change Is Gonna Come» og Wilson Pickett sine «Land of a Thousand Dances» og «In the Midnight Hour». Desse fire spora vart seinare gjevne ut på konsertalbumet hennar Tina Live in Europe i 1988 og «634-5789», sungen som ein duett med Cray, vart òg gjeven ut på singel i somme område. Han nådde 14. plassen på den nederlanske singellista. B-sidene var «Private Dancer» og «Help!», begge henta frå albumet Tina Live in Europe.

ListerEndra

Liste (1989) Plassering
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[2] 23
Nederland (Mega Single Top 100)[3] 14

KjelderEndra

  1. Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942-2004. Record Research. s. 461. 
  2. "Ultratop.be – Tina Turner & Robert Cray – 634-5789" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch. Henta September 28, 2015.
  3. "Dutchcharts.nl – Tina Turner & Robert Cray – 634-5789" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch. Henta September 28, 2015.