Opna hovudmenyen
Private Dancer
Singel av Tina Turner
frå albumet Private Dancer
B-side «Keep Your Hands Off My Baby»
Utgjeve 28. oktober 1984
Innspelt 1984
Sjanger Pop, smooth jazz, R&B
Lengd 7:11
Selskap Capitol
Låtskrivar(ar) Mark Knopfler
Produsent John Carter
Tina Turner-kronologi
«Better Be Good to Me»
(1984)
Private Dancer «I Can't Stand the Rain»
(1985)


«Private Dancer» er ein song av den amerikanske artisten Tina Turner. Han vart opphavleg skriven for og spelt inn av det britiske rockebandet Dire Straits, og han vart skriven av frontmannen i bandet, Mark Knopfler. Innspelinga til Turner vart produsert av John Carter for det femte soloalbumet Private Dancer (1984). Han vart gjeven ut som den femte singelen frå albumet, og nådde sjuandeplassen på den amerikanske Billboard Hot 100 og tredjeplassen på US R&B-lista. Songen hadde moderat internasjonal suksess og nådde 26. plassen på UK Singles Chart.

I musikkvideoen spelar Tina Turner ein desillusjonert selskapsdansar, men songen kan òg tolkast som sungen frå perspektivet til ei prostituert dame.[1]

BakgrunnEndra

Songen vart opphavleg meint for Dire Straits-albumet Love over Gold. Etter at instrumentalsporet var spelt inn, vart det ikkje lagt på vokal. Mark Knopfler syns ikkje vokalen høvde seg for ein mann å synge, så songen vart ikkje teken med på det endelege albumet.[2][3] Kontraktsårsaker gjorde at originalinnspelinga ikkje kunne nyttast, så to år etter han vart spelt inn, vart songen spelt inn på ny av Dire Straits for Tina Turner. Terry Williams erstatta den opphavlege trommeslagaren Pick Withers. Knopfler var ikkje med på songen og vart erstatta av Jeff Beck.

Musikkvideoen, med dansekoreografi av Arlene Phillips, var regissert av Brian Grant og filma i Rivoli Ballroom i London.[4]

MedverkandeEndra

Versjonag og miksarEndra

  • 7" edit – 3:54
  • Albumversjonen eller Full Length Mix (12") – 7:11

ListerEndra

VekeslisterEndra

Liste (1984–85) Plassering
Australia (Kent Music Report)[5] 21
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[6] 5
Canada Top Singles (RPM)[7] 11
Finland (Suomen virallinen lista)[8] 7
Tyskland (Official German Charts)[9] 20
Irland (IRMA)[10] 14
Nederland (Mega Single Top 100)[11] 4
New Zealand (RIANZ)[12] 5
Spania (PROMUSICAE)[13] 6
UK Singles (Official Charts Company)[14] 26
US Billboard Hot 100[15] 7
US Adult Contemporary (Billboard)[16] 30
US Hot R&B/Hip-Hop Songs (Billboard)[17] 3

ÅrslisterEndra

Liste (1984) Plassering
Belgia (Ultratop 50 Flanders)[18] 74
Nederland (Single Top 100)[19] 24
Liste (1985) Plassering
US Billboard Hot 100[20] 93
US Hot R&B/Hip-Hop Songs (Billboard)[20] 39

KjelderEndra

  1. Shepherd, John; Horn, David; Laing, Dave; Paul Oliver, Peter Wicke (8 Mai 2003). Continuum Encyclopedia of Popular Music of the World Part 1 Performance and Production. A&C Black. s. 664. ISBN 978-1-84714-472-0.  Cite uses deprecated parameter |coauthors= (hjelp)
  2. http://www.markknopfler.com/music/discography/cd/mk_affiliatedDetails.aspx?albumid=d4b170a2-6369-4308-8b40-b740ad6c25e9
  3. http://www.allmusic.com/song/private-dancer-mt0010401799
  4. «Tina Turner – Private Dancer». Henta 22. april 2016. 
  5. David Kent (1993). Australian Chart Book 1970-1992. Australia: St Ives, N.S.W. : Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  6. "Ultratop.be – Tina Turner – Private Dancer" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch. Henta May 12, 2013.
  7. "RPM Top Singles." RPM. Library and Archives Canada. Retrieved 22. april 2016.
  8. «Singlet 1985-02 helmikuu» (på Finnish). Musiikkituottajat – IFPI Finland. Henta 22. april 2016. 
  9. «Tina Turner - Top Titel» (på German). GfK Entertainment. Henta 22. april 2016. 
  10. "The Irish Charts – Search Results – Private Dancer". Irish Singles Chart. Retrieved 22. april 2016.
  11. "Dutchcharts.nl – Tina Turner – Private Dancer" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch. Henta 22. april 2016.
  12. "Charts.org.nz – Tina Turner – Private Dancer". Top 40 Singles. Hung Medien. Henta May 12, 2013.
  13. Fernando Salaverri (September 2005). Sólo éxitos: año a año, 1959–2002 (1st utg.). Spania: Fundación Autor-SGAE. ISBN 84-8048-639-2. 
  14. "Chart Stats – Tina Turner – Better Be Good to Me" UK Singles Chart. Chart Stats. Henta 22. april 2016.
  15. "Turner?f=379&g=Singles Tina Turner Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for Tina Turner. Prometheus Global Media. Henta 22. april 2016.
  16. "Turner?f=341&g=Singles Tina Turner Album & Song Chart History" Billboard Adult Contemporary Songs for Tina Turner. Prometheus Global Media. Henta 22. april 2016.
  17. "Turner?f=367&g=Singles Tina Turner Album & Song Chart History" Billboard R&B/Hip-Hop Songs for Tina Turner. Prometheus Global Media. Henta 22. april 2016.
  18. «Jaaroverzichten 1984» (på Dutch). Ultratop. Henta 22. april 2016. 
  19. «Jaaroverzichten - Single 1984» (på Dutch). Hung Medien. Henta 22. april 2016. 
  20. 20,0 20,1 «The Year in Music: 1985» (PDF). Billboard. December 28, 1985. Henta 22. april 2016.