Break Every Rule
Break Every Rule Studioalbum av Tina Turner | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 23. september 1986 | |
Sjanger | ||
Lengd | 50:13 | |
Selskap | Capitol | |
Produsent | Bryan Adams Terry Britten Neil Dorfsman Richard Elen Mark Knopfler Bob Clearmountain Albert Boekholt Rupert Hine | |
Tina Turner-kronologi | ||
---|---|---|
Mad Max Beyond Thunderdome (1985) |
Break Every Rule | Tina Live in Europe (1988) |
Singlar frå Break Every Rule | ||
|
Break Every Rule er det sjette soloalbumet til Tina Turner, gjeve ut på Capitol Records i 1986. Det var oppfølgjaren til det særs suksessrike comebackalbumet hennar, Private Dancer, som kom ut to år tidlegare.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
Robert Christgau | B+[2] |
Komposisjon
endreDen originale A-sida til vinylplata var produsert av Graham Lyle og Terry Britten, teamet bak hitsingelen hennar «What's Love Got To Do With It» frå 1984, medan B-sida inneheld songar produserte av Bryan Adams, Bob Clearmountain, Mark Knopfler og Rupert Hine. Av elleve songar på albumet vart heile åtte av dei gjevne ut som singlar, anten i Europa eller USA eller begge. «Typical Male» (U.S. #2) med Phil Collins på trommer, «What You Get Is What You See» (U.S. #13) med Eric Clapton på gitar, «Two People» (Spania #1, U.S. R&B #18), David Bowie sin «Girls» (Poland #11), «Back Where You Started» (U.S. Rock #9) skriven i lag med og produsert av Bryan Adams, «Afterglow» (U.S. Dance #2) med Steve Winwood på klaverinstrument, «Break Every Rule» (Polen #15) skriven i lag med og produsert av Rupert Hine og «Paradise Is Here» (Irland #24).
Dei fleste av 12"-singlane som vart gjevne ut frå albumet inneheldt lengre eller alternative miksar av songane, konsertopptak og songar som ikkje var med på albumet. Dei fleste av desse versjonane er aldri blitt gjevne ut på CD. Turner spelte òg inn andre spor under innspelinga av albumet med Steve Lillywhite og Bryan Adams som heller ikkje er blitt gjevne ut.
Etter Break Every Rule spelte Turner inn duetten «Tearing Us Apart» med Eric Clapton, som var med på det Phil Collins-produserte albumet hans frå 1986, August og gjeven ut på singel tidleg i 1987.
Kommersiell suksess
endreDet førre albumet hennar, Private Dancer, sette ein høg kommersiell standard, men Break Every Rule selde òg særs godt verda over. Det nådde fjerdeplassen på Billboard 200, andreplassen på UK Albums Chart og gjekk til topps i Sveits og Tyskland (i 12 veker). I USA selde Break Every Rule til platina,[3] for 1 million selde eksempar. Det selde òg til platinaplate i somme land i Europa, som Tyskland og Storbritannia.
Turné
endreTurner drog ut på ein enorm verdsturné for å marknadsføre albumet, inkludert ein konsert i Rio de Janeiro føre eit publikum som talde 180 000. Konserten vart filma og gjeven ut på heimevideo. Andre konsertar i Europa vart fanga til lydband og gjevne ut som konsertalbumet Tina Live in Europe i 1988.
Innhald
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Typical Male» | Terry Britten, Graham Lyle | 4:18 |
2. | «What You Get Is What You See» | Britten, Lyle | 4:31 |
3. | «Two People» | Britten, Lyle | 4:11 |
4. | «Till The Right Man Comes Along» | Britten, Lyle | 4:11 |
5. | «Afterglow» | Britten, Lyle | 4:30 |
6. | «Girls» | David Bowie, Erdal Kizilcay | 4:56 |
7. | «Back Where You Started» | Bryan Adams, Jim Vallance | 4:27 |
8. | «Break Every Rule» | Rupert Hine, Jeannette Obstoj | 4:02 |
9. | «Overnight Sensation» | Mark Knopfler | 4:40 |
10. | «Paradise Is Here» | Paul Brady | 5:35 |
11. | «I'll Be Thunder» | Hine, Obstoj | 5:21 |
B-sider
endreTittel | Singel |
---|---|
«Don't Turn Around» | «Typical Male» |
«Havin' a Party» | «Two People» |
«Take Me to the River» | «Girls» og «What You Get Is What You See» |
«In the Midnight Hour» (Live) | «Paradise Is Here» |
Medverkande og produksjon
endre- Spor 1-6 arrangerte og produserte av Terry Britten. Innspelt av John Hudson, med assistanse frå Mike Ging. Miksa av John Hudson. Tessa Niles: korvokal (alle); Terry Britten: gitar og bass (alle), trommeprogrammering (spor 2, 4 & 5), korvokal (spor 3, 4, & 5); Phil Collins: trommer og perkusjon (spor 1 & 6); Jack Bruno: trommer og perkusjon (spor 3 & 5); Tim Capello: Saksofon (spor 1).
- Spor 7 arrangert og produsert av Bryan Adams & Bob Clearmountain. Innspelt og miksa av Bob Cleasrmountain, med assistanse frå Steve Rinkoff, Paul Hamilton, Mark McKenna & Richard Moakes. Bryan Adams: rytmegitar, piano, korvokal; Keith Scott: sologitar; Tommy Mandel: orgel; Dave Taylor: Bass; Mickey Curry: trommer; Jim Vallance: perkusjon.
- Spor 8 & 11 arrangert og produsert av Rupert Hine. James West-Oram: Gitarar. Rupert Hine: alle andre instrument, korvokal
- Spor 9 & 10 produsert av Mark Knopfler & Neil Dorfsman. Innspelt og miksa av Neil Dorfsman, med assistanse frå Richard Moakes. Mark Knopfler: gitar; Guy Fletcher: klaverinstrument; Albert Boekholt: programmering; Micky Feat: Bass; Jamie Lane: trommer; Frank Ricotti: perkusjon; Samantha Brown, Margot Buchanan, Jimmy Chambers, George Chambers: korvokal
- Mastera av Stephen Marcussen & Stuart Furusho ved Precision Lacquer i Los Angeles
Lister
endre
Vekeslisterendre
|
Årslisterendre
|
Salstrofé
endreRegion | Salstrofé | Salstal |
---|---|---|
Austerrike (IFPI Austerrike)[34] | 2× Platina | 100 000x |
Canada (Music Canada)[35] | 2× Platina | 200 000^ |
Finland (Musiikkituottajat)[36] | Gull | 30,773 |
Frankrike (SNEP)[37] | Gull | 144,200[38] |
Tyskland (BVMI)[39] | 2× Platina | 1 000 000^ |
New Zealand (RMNZ)[40] | Platina | 15 000^ |
Spania(PROMUSICAE)[15] | Platina | 100 000^ |
Storbritannia (BPI)[41] | Platina | 300 000^ |
USA (RIAA)[42] | Platina | 1 000 000^ |
^salstala er basert på sertifiseringa aleine |
Singlar - Billboard (USA)
endreYear | Single | Liste | Plassering |
---|---|---|---|
1986 | «Back Where You Started» | Mainstream Rock Tracks | 9 |
1986 | «Two People» | Adult Contemporary | 3 |
1986 | «Two People» | Hot R&B/Hip Hop Singles & Tracks | 9 |
1986 | «Two People» | Billboard Hot 100 | 20 |
1986 | «Typical Male» | Hot Dance Music/Club Play | 2 |
1986 | «Typical Male» | Hot R&B/Hip-Hop Singles & Tracks | 2 |
1986 | «Typical Male» | Billboard Hot 100 | 2 |
1986 | «Typical Male» | Hot Dance Music/Maxi-Singles Sales | 10 |
1986 | «Typical Male» | Adult Contemporary | 16 |
1986 | «Afterglow» | Hot Dance Music Club Play | 2(5) |
1986 | «Afterglow» | Hot Dance Music/Maxi-Singles Sales | 1(3) |
1986 | «Afterglow» | Adult Contemporary | 20 |
1987 | «Break Every Rule» | Hot R&B/Hip-Hop Singles & Tracks | 3 |
1987 | «Break Every Rule» | Billboard Hot 100 | 44 |
1987 | «What You Get Is What You See» | Hot R&B/Hip-Hop Singles & Tracks | 5 |
1987 | «What You Get Is What You See» | Billboard Hot 100 | 13 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Break Every Rule» frå Wikipedia på engelsk, den 24. april 2016.
- ↑ Almusic review
- ↑ Robert Christgau review
- ↑ [1]
- ↑ «Hits of the World» (PDF). Billboard. Prometheus Global Media. November 22, 1986. Henta 18. april 2016.
- ↑ "Tina Turner - Break Every Rule" (På tysk). Austriancharts.at. Hung Medien. Henta 18. april 2016.
- ↑ «Hits of the World» (PDF). Billboard. Prometheus Global Media. October 25, 1986. Henta 18. april 2016.
- ↑ «Hits of the World» (PDF). Billboard. Prometheus Global Media. November 8, 1986. Henta 18. april 2016.
- ↑ 8,0 8,1 «Hits of the World» (PDF). Billboard. Prometheus Global Media. November 15, 1986. Henta 18. april 2016.
- ↑ «Albumit 1986-09 syyskuu» (på finsk). InfoDisc. Henta 18. april 2016.
- ↑ «Le Détail des Albums de chaque Artiste» (på fransk). InfoDisc. Henta 18. april 2016.
- ↑ «Tina Turner - Break Every Rule» (på tysk). GfK Entertainment. Henta 18. april 2016.
- ↑ 12,0 12,1 «Gli album più venduti del 1986». Hit Parade Italia. Henta 18. april 2016.
- ↑ "Tina Turner – Break Every Rule". Charts.org.nz. Hung Medien. Henta 18. april 2016.
- ↑ "Tina Turner – Break Every Rule". Norwegiancharts.com. Hung Medien. Henta 18. april 2016.
- ↑ 15,0 15,1 15,2 Fernando Salaverri (September 2005). Sólo éxitos: año a año, 1959–2002 (1. utg.). Spania: Fundación Autor-SGAE. ISBN 84-8048-639-2.
- ↑ "Tina Turner – Break Every Rule". Swedishcharts.com. Hung Medien. Henta 18. april 2016.
- ↑ "Tina Turner – Break Every Rule". Swisscharts.com. Hung Medien. Henta 18. april 2016.
- ↑ "Tina Turner | Artist | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 18. april 2016.
- ↑ "Tina Turner Album & Song Chart History" Billboard 200 for Tina Turner. Prometheus Global Media. Henta 18. april 2016.
- ↑ "Tina Turner Album & Song Chart History" Billboard Top R&B/Hip Hop Albums for Tina Turner. Prometheus Global Media. Henta 18. april 2016.
- ↑ «Top 100 Albums of '86». RPM. December 27, 1986. Henta 18. april 2016.
- ↑ «Jaaroverzichten - Album 1986» (på nederlandsk). Hung Medien. Henta 18. april 2016.
- ↑ «Les Albums (CD) de 1986 par InfoDisc» (på fransk). InfoDisc. Henta 18. april 2016.
- ↑ «Top 100 Album-Jahrescharts 1986» (på tysk). GfK Entertainment. Henta 18. april 2016.
- ↑ «Topp 40 Album Høst 1986» (på norsk). VG-lista. Henta 18. april 2016.
- ↑ «Swiss Year-end Charts 1986». Hung Medien. Henta 18. april 2016.
- ↑ «Najlepiej sprzedajace sie albumy w W.Brytanii w 1986r» (på polsk). Z archiwum...rocka. Arkivert frå originalen 27. september 2012. Henta 18. april 2016.
- ↑ «Jahreshitparade Alben 1987» (på tysk). Hung Medien. Henta 18. april 2016.
- ↑ «Jaaroverzichten - Album 1987» (på nederlandsk). Hung Medien. Henta 18. april 2016.
- ↑ «Top 100 Album-Jahrescharts 1987» (på tysk). GfK Entertainment. Henta 18. april 2016.
- ↑ «Swiss Year-end Charts 1987». Hung Medien. Henta 18. april 2016.
- ↑ «Top Pop Albums» (PDF). Billboard. Prometheus Global Media. December 26, 1987. Henta 18. april 2016.
- ↑ «1987: Top R&B/Hip-Hop Albums». Billboard. Prometheus Global Media. Henta 18. april 2016.
- ↑ «Austrian album salstrofé – Tina Turner – Break Every Rule» (på tysk). IFPI Austerrike. Enter Tina Turner in the field Interpret. Enter Break Every Rule in the field Titel. Select album in the field Format. Click Suchen
- ↑ «Canadian album salstrofé – Tina Turner – Break Every Rule». Music Canada.
- ↑ The first web page presents the sales figures, the second presents the certification limits:
- «Tina Turner» (på finsk). Musiikkituottajat – IFPI Finland.
- «Kultalevyjen myöntämisrajat» (på finsk). Musiikkituottajat – IFPI Finland.
- ↑ «Les Certifications» (på fransk). InfoDisc. Henta September 13, 2015.
- ↑ «Les Albums Or» (på fransk). InfoDisc. Henta September 13, 2015.
- ↑ «Gold-/Platin-Datenbank (Tina Turner; 'Break Every Rule')» (på tysk). Bundesverband Musikindustrie.
- ↑ «New Zealand album salstrofé – Tina Turner – Break Every Rule». Recording Industry Association of New Zealand.
- ↑ «British album salstrofé – Tina Turner – Break Every Rule». British Phonographic Industry. Enter Break Every Rule in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
- ↑ «American album salstrofé – Tina Turner – Break Every Rule». Recording Industry Association of America. If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH