Steve Cropper

amerikansk gitarist og musikkprodusent

Steven Lee «Steve» Cropper (fødd 21. oktober 1941)[1] er ein USA-amerikansk gitarist, låtskrivar og plateprodusent. Han er mest kjend som gitarist i husbandet til Stax Records, Booker T. & the M.G.'s, og har akkompagnert artistar som Otis Redding, Sam & Dave, Carla Thomas, Rufus Thomas og Johnnie Taylor, og vore produsent på mange av desse innspelingane. Han vart seinare kjend som medlem i the Blues Brothers.[2] Rolling Stone rangerte han på 39. plassen på lista si over dei 100 beste gitaristane gjennom tidene.[3] Mojo rangerte Cropper som den nest beste gitaristen gjennom tidene. Kallenamnet hans var «The Colonel».

Steve Cropper

Steve Cropper, april 2007
Fødd21. oktober 1941 (82 år)
FødestadDora i Missouri i USA
FødenamnSteven Lee Cropper
OpphavUSA
Aktiv1958 til i dag
SjangerRhythm and blues, soul, funk, elektrisk blues, blues
InstrumentGitar
Kjende instrumentPeavey Steve Cropper Classic
Fender Telecaster
Tilknytte artistarBooker T. & the M.G.'s, The Mar-Keys, The Blues Brothers, Otis Redding, The Jeff Beck Group, Sam and Dave, Ringo Starr, John Lennon, Carla Thomas, Tower of Power, Wilson Pickett, Eddie Floyd, Ambergris
PlateselskapStax
Verka somMusikar, låtskrivar, produsent, skodespelar

Tidleg liv endre

Då han var ni år gammal flytta Cropper med familien til Memphis i Tennessee.[1] 10 år gammal klimpra han på svogeren sin Gibson-gitar for første gongen. Cropper fekk sin første gitar med postordre då han var 14 og byrja å spele med lokale musikarar. Gitarheltane hans på den tida var mellom anna Lowman Pauling frå the "5" Royales, i tillegg til Chet Atkins, Chuck Berry, Tal Farlow, Jimmy Reed og gitaristen i bandet til Bill Doggett, Billy Butler.[1]

Karriere endre

Cropper og gitaristen Charlie Freeman danna Royal Spades, som etter kvart vart the Mar-Keys. Namnet syner til markisa (marquee) utafor studioet til Stax, kjend som Satellite Records på den tida. Etter kvart byrja the Mar-Keys å spele på studioinnspelingar og fekk ein hitsingel på eigahand med «Last Night» i 1961.

 
Steve Cropper på konsert (1990)

I tillegg til at han var imponert over gitarspelinga til den unge gitaristen, såg direktøren i Stax Records, Jim Stewart at Cropper var profesjonell og vaksen for alderen. Då grunnleggjaren av American Records, Chips Moman, slutta i Stax, vart Cropper A&R-mann. Han vart ein av musikarane som starta husbandet til Stax, Booker T. & the M.G.'s, i lag med organisten Booker T. Jones, bassist Donald «Duck» Dunn og trommeslagar Al Jackson jr.. Som husgitaristen spelte han på på innspelingar som «(Sittin' on) the Dock of the Bay,» skriven i lag med og framført med Otis Redding, og Sam & Dave sin «Soul Man», der han vart nemnt med namn. Då Cropper spelte på songen med the Blues Brothers, nemnte songaren John Belushi igjen Cropper.

På denne tida var ikkje Cropper berre kjend i USA. The Beatles likte godt spelinga til Cropper og produksjonen hans på Otis Redding sine plater. John Lennon og Paul McCartney hadde planar om å reise til Memphis og arbeide med gitaristen. Brian Epstein avlyste derimot innspelingane på grunn av tryggleiksproblem.[4] Rob Bowman skreiv om denne perioden i boka si Soulsville U.S.A.: The Story of Stax Records, der han siterte Booker T. Jones:

« Me skreiv lydar òg, særleg Steve. Han var svært bevisst på lyd, og han får mykje lyd ut av ein Telecaster sjølv utan å endre på innstillingane - berre med å bruke fingrane, plekter og forsterkarar. »

I lag med det banebrytande arbeidet med Booker T & The MG's, var Cropper medlåtskrivar på «Knock on Wood» med Eddie Floyd, «In the Midnight Hour» med Wilson Pickett og «(Sittin' On) The Dock of the Bay» med Otis Redding. I 1969 gav Cropper ut det første soloalbumet sitt, With a Little Help From My Friends.

 
Steve Cropper på Hamar musikkfestival i 2007.

Då Cropper slutta i Stax hausten 1970,[5] mista selskapet ein av sine beste produsentar og låtskrivarar. Cropper sette så opp TMI Studios med Jerry Williams og den tidlegare Mar-Key-musikaren Ronnie Stoots. Der spelte han gitar og produserte forskjellige artistar som Tower of Power, Rod Stewart, John Prine, José Feliciano, The Jeff Beck Group, Ringo Starr og John Lennon. Det er lite kjend at Cropper òg spelte gitar på ein coverversjon av The Velvet Underground sin «Femme Fatale» som finst på Big Star-albumet Third/Sister Lovers.

I 1975 hadde Cropper flytta til Los Angeles og i lag med Jackson og Dunn, starta dei opp att Booker T. & the M.G's. Jackson, som Cropper kalla «den beste trommisen som nokon gong har gått på jorda,» vart myrda i heimen sin i Memphis før gruppa gjorde comeback. I 1978 vart Cropper og Dunn medlemmar av Levon Helm sitt RCO All-Stars, og spelte så med the Blues Brothers Band i lag med trommeslagaren Willie Hall. Dette førte til album og to filmmusikkalbum. Cropper spelte òg inn på ny «(Sittin' On) The Dock of the Bay» (1979) for Sammy Hagar. Cropper budde i Los Angeles dei nesten 13 åra før han flytta til Nashville og igjen spelte med the Blues Brothers Band i 1988.

I 1992 vart Booker T. & the M.G.'s innlemma i Rock and Roll Hall of Fame, og Cropper spelte med gruppa for 30-årsjubileumskonserten til Bob Dylan i oktober 1992 i Madison Square Garden, og spelte i lag med Dylan, Eric Clapton, George Harrison, Tom Petty, Johnny Cash, Chrissie Hynde, Sinéad O'Connor, Stevie Wonder og Neil Young. Konserten vart seinare gjeven ut som The 30th Anniversary Concert Celebration (1993). Neil Young rekrutterte sidan Booker T. and the M.G's for ein turné og eit album.

I 1996 vart Cropper kåra til «den beste nolevande gitaristen» av det britiske magasinetMojo. Då gitaristen Keith Richards vart spurt kva han syns om Cropper sa han, «Perfekt, mann».[treng kjelde] I februar 1998 gav Cropper ut Play It, Steve! med nokre av dei mest kjende soul-songane. Tittelen på albumet kom frå «ropet» på Sam & Dave sin «Soul Man,» og seinare John Belushi (med Blues Brothers).

I juni 2004 spelte Cropper med Dunn og Jones som bandet til Eric Clapton på Crossroads Guitar Festival i Cotton Bowl i Dallas. Andre som deltok på konserten var Joe Walsh og David Hidalgo.[6] Den 9. juni 2005 vart Cropper innlemma i Songwriters Hall of Fame.

 
Cropper turnerte i Australia med Guy Sebastian.

Han var medprodusent på The Memphis Album (2007), spelt inn av den australske soulsongaren Guy Sebastian. Cropper spelte òg gitar på den påfølgjande turneen, som vart spelt inn og gjeve ut to år seinare som The Memphis Tour.

17. oktober 2010 vart Cropper innlemma i Nashville Songwriters Hall of Fame.[7]

Diskografi endre

  • 1971: With a Little Help from My Friends
  • 1981: Playin' My Thang
  • 1982: Night After Night
  • 1991: Jammed Together (with Albert King and Pops Staples)
  • 2007: This Is ... Steve Cropper & His Friends
  • 2008: Nudge It Up A Notch
  • 2010: Midnight Flyer
  • 2011: Dedicated – A Salute to the 5 Royales

Filmar endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 «Offisiell nettstad – Biography». Playitsteve.com. Arkivert frå originalen 20. juli 2011. Henta 6. mars 2015. 
  2. Koda, Cub (21. oktober 1941). «Allmusic biography». Allmusic.com. Henta 6. mars 2015. 
  3. «"Steve Cropper, 100 Greatest gitarists of All Time» Rolling Stone». Rollingstone.com. Arkivert frå originalen 7. desember 2010. Henta 6. mars 2015. 
  4. «The Beatles Tennessee Connections». Tennessee Concerts. Arkivert frå originalen 23. februar 2015. Henta 6. mars 2015. 
  5. «Steve Cropper, Blues Brothers....». Play it Steve. Arkivert frå originalen 25. januar 2010. Henta 6. mars 2015. 
  6. Eric Clapton Crossroads Guitar Festival DVD Video R2 970378, 2004
  7. «Nashville Songwriters Hall of Fame 2010 Inductees». Nashville Song Writers Foundation. Henta 6. mars 2015. [daud lenkje]

Bakgrunnsstoff endre