80. motoriserte infanteribrigade

80. motoriserte infanteribrigade, òg kalla «arktisk brigade», er ein del av kystforsvaret til Nordflåten i det russiske forsvaret, men òg eit manøverelement til OSK Nord. Brigaden vart formelt sett opp 31. desember 2014, og er fredstidslokalisert til landsbyen Alakurtti i Murmansk oblast nær Kandalaksja og grensa til Finland. Fram til 1997 var 54. motoriserte infanteridivisjon forlagt til området, men vart då omdøypt til 62. motoriserte infanteribrigade. I 1998 vart denne brigaden redusert til 35. Våpen- og materiellbase, som i sin tur vart nedlagd i 2007.[1]

Oppgåve

endre

Oppgåva til brigaden er å halda kontroll på russisk territorium frå Murmansk til Nysibirøyene i samarbeid med luftlandestyrkene og marineinfanteriet.[2]. Brigaden øver stadig på og ved øyane langs nordaustpassasjen og på Tajmyr.[3][4]

Organisasjonsstruktur

endre

Militær kommando og kontroll

  • stabskompani
  • etterretningbataljon
  • sambandbataljon
  • dronekompani

Manøverelement


Militær eldstøtte

  • snikskytterkompani
  • sjølvdreve haubitsbataljon
  • luftvern-missilbataljon

Militær anna støtte

  • ingeniørbataljon
  • ABC-vernkompani
  • elektroniske mottiltak-kompani

Militær logistikk

  • verkstadbataljon
  • forsyningsbataljon
  • sanitetskompani

Våpen og materiell

endre

Basismateriell for transport av infanteri er transportpanservogna MT-LBV, beltevognane DT-10 og DT-30, terrengkøyretøya TM-140A og Trekol-39294, og dessutan snøskuterar.,[5][6][7][8][9]

Referansar

endre

Kjelder

endre