A-ba-ni-bi
«A-ba-ni-bi» Song av Izhar Cohen og Alphabeta | ||
Land | Israel | |
Språk | Hebraisk, røvarspråk | |
Utgjeve | 1978 | |
Sjanger | Disco, pop | |
Selskap | Polydor[1] | |
Komponist | Nurit Hirsh | |
Tekstforfattar | Ehud Manor | |
Låtskrivar(ar) | Nurit Hirsh og Ehud Manor |
---|
«A-ba-ni-bi» (hebraisk røvarspråk א-ב-ני-בי, tyder ‘eg’) er ein israelsk discolåt som vann Eurovision Song Contest 1978 for Israel. Songen blei framført av Izhar Cohen og gruppa Alphabeta og er komponert av Nurit Hirsh, mens Ehud Manor skreiv teksta. Dette var den fyrste sigeren til Israel i Eurovision Song Contest, og songen fekk ein viss kommersiell suksess i Europa etter sigeren.
Eurovision Song Contest
endreDen israelske finalen, Den hebraiske song- og korfestivalen, blei arrangert i Jerusalem 11. februar 1978. Der vann Izhar Cohen og «A-ba-ni-bi» ein hårfin siger med 66 poeng og blei det israelske bidraget til Eurovision Song Contest 1978.[2]
Eurovision Song Contest 1978 blei arrangert i Paris laurdag 22. april 1978. Der var «A-ba-ni-bi» det 18. bidraget ut på scena av 20 bidrag. I avrøystinga tok det israelske bidraget raskt ei klår leiing og vann til slutt heile tevlinga med 157 poeng. Den norske juryen gav 8 poeng til «A-ba-ni-bi».[3]
Fleire arabiske land sende også Eurovision Song Contest på fjernsyn. Då det israelske bidraget blei framført, viste den jordanske kringkastaren i staden eit bilete av blomar. Då det i tillegg blei klårt at Israel kom til å vinne, avbraut jordansk tv heile sendinga under påskot av at dei hadde tekniske problem. Dagen etter erklærte same tv-kanal at andreplassen Belgia hadde vunne.[4]
Teksta og tittelen
endreTittelen «A-ba-ni-bi» er på eit røvarspråk, kalla bet-språket, på hebraisk. Røvarspråket blir brukt av barn og går ut på at kvar vokal eller diftong blir duplisert med ein b framfor seg. I dette tilfellet er tittelen henta frå det hebraiske ordet אני (ani), som betyr ‘eg’ på norsk. Formelen blir dimed: ani: a-(b+a)-ni-(b+i) = a-ba-ni-bi.
Tittelen betyr dimed ganske enkelt ‘eg’. I teksta syng Cohen blant anna korleis dei som barn brukte språket til å seie «eg elskar deg», så dei vaksne ikkje skulle forstå.[5]
Listeplasseringar
endreListe | Høgaste plassering |
Veker på lista |
Tredde inn på lista |
---|---|---|---|
Austerrike (Ö3 Austria Top 40)[6] | 21 | 4 | 15. juni 1978 |
Belgia, Flandern (Ultratop)[7] | 6 | 7 | 13. mai 1978 |
Frankrike (IFOP)[8] | 25 | 15 | 21. april 1978 |
Nederland (Nationale Top 30)[9] | 17 | 5 | 27. mai 1978 |
Storbritannia (UK Singles Chart)[10] | 20 | 7 | 13. mai 1978 |
Sveits (Schweizer Hitparade)[11] | 4 | 7 | 13. mai 1978 |
Sverige (Sverigetopplistan)[12] | 9 | 3 | 2. juni 1978 |
Tyskland (Deutsche Offizielle Charts)[13] | 22 | 6 | 5. juni 1978 |
Kjelder
endre- ↑ «Izhar Cohen And Alpha Beta* – A-Ba-Ni-Bi». discogs.com. Henta 19. februar 2017.
- ↑ «Israeli National Final 1978». National Finals Pages. Henta 19. februar 2017.
- ↑ «Eurovision Song Contest 1978 – Scoreboard». eurovision.tv. Henta 19. februar 2017.
- ↑ «Eurovision Song Contest 1978». eurovision.tv. Henta 17. desember 2016.
- ↑ «A-ba-ni-bi – lyrics». The Diggiloo Thrush. Henta 19. februar 2017.
- ↑ «A-ba-ni-bi». austriancharts.at. Henta 19. februar 2017.
- ↑ «'A-ba-ni-bi' på Ultratop». ultratop.be. Henta 19. februar 2017.
- ↑ «Velg Izhar COHEN / Alphabeta fra nedtrekkslista». infodisc.fr. Henta 19. februar 2017.
- ↑ «Dutch Charts - dutchcharts.nl». www.dutchcharts.nl. Henta 19. februar 2017.
- ↑ «Izhar Cohen & Alphabeta – chart history». Official Charts Company. Henta 19. februar 2017.
- ↑ «Die Offizielle Schweizer Hitparade und Music Community». www.hitparade.ch. Henta 19. februar 2017.
- ↑ «'A-ba-ni-bi' på Sverigetopplistan». swedishcharts.com. Henta 19. februar 2017.
- ↑ «Offisiell tysk liste (skriv Izhar Cohen i søkefeltet)». Offizielle Deutsche Charts. Henta 19. februar 2017.
- Denne artikkelen bygger på «A-ba-ni-bi» frå Wikipedia på bokmål, den 7. november 2023.