Opna hovudmenyen

Eurovision Song Contest 1978 (ESC 1978) var den 23. gongen Eurovision Song Contest blei arrangert. Konkurransen blei halden i Palais des Congrès i Paris i Frankrike. Finalen fann stad laurdag 22. april. Israel vann konkurransen for fyrste gong med den songen «A-Ba-Ni-Bi», framført av Izhar Cohen & The Alphabetahebraisk.

Eurovision Song Contest 1978
ESC 1978 logo.PNG
Dato
Vertskap
Stad
Palais des Congrès
Flagget til Frankrike Paris i Frankrike
Varigskap
Opningsnummer
Pausenummer
Bidrag
Attende
Flag of Denmark.svg Danmark
Flag of Turkey.svg Tyrkia
Kart
Røysting
Vinnar
Flagget til Israel «A-Ba-Ni-Bi»
Eurovision Song Contest
1977 Wiki Eurovision Heart (Infobox).svg 1979
██ Land som deltok i konkurransen██ Land som ikkje deltok i konkurransen

Sigeren til Israel førte til problem for fleire land i Nord-Afrika og Midtausten som kringkasta konkurransen. Ifølge John Kennedy O'Connors bok «The Eurovision Song Contest - The Official History» avbraut dei fleste arabiske TV-stasjonane overføringa av konkurransen då det blei klårt at Israel kom til å vinne. Til dømes avbraut jordansk TV programmet ved å syne eit bilete av påskeliljer på skjermen. Etterpå annonserte dei at Belgia (som kom på 2. plass) hadde vunne konkurransen.

Juryen i kvart land gav stemmer i valørane 12, 10 og 8–1 til sine favorittbidrag.

Danmark var i 1978 med i konkurransen for fyrste gong sidan 1966. Tyrkia vendte også tilbake til konkurransen.

BidragaEndra

FinaleEndra

Nr. Land Artist Song Språk Plass Poeng
1.   Irland Colm C. T. Wilkinson «Born to Sing» Engelsk 5 86
2.   Noreg Jahn Teigen «Mil etter mil» Norsk 20 0
3.   Italia Ricchi e Poveri «Questo amore» Italiensk 12 53
4.   Finland Seija Simola «Anna rakkaudelle tilaisuus» Finsk 18 2
5.   Portugal Gemini «Dai li dou» Portugisisk 17 5
6.   Frankrike Joël Prévost «Il y aura toujours des violons» Fransk 3 119
7.   Spania José Vélez «Bailemos un vals» Spansk 9 65
8.   Storbritannia Co-Co «The Bad Old Days» Engelsk 11 61
9.   Sveits Carole Vinci «Vivre» Fransk 9 65
10.   Belgia Jean Vallée «L'amour ça fait chanter la vie» Fransk 2 125
11.   Nederland Harmony «'t Is OK» Nederlandsk 13 37
12.   Tyrkia Nilüfer Yumlu & Nazar «Sevince» Tyrkisk 18 2
13.   Vest-Tyskland Ireen Sheer «Feuer» Tysk 6 84
14.   Monaco Caline & Olivier Toussaint «Les jardins de Monaco» Fransk 4 107
15.   Hellas Tania Tsanaklidou «Τσάρλυ Τσάπλιν» («Charlie Chaplin») Gresk 8 66
16.   Danmark Mabel «Boom Boom» Dansk 16 13
17.   Luxembourg Baccara «Parlez-vous français?» Fransk 7 73
18.   Israel Izhar Cohen & The Alphabeta «א-ב-ני-בי» («A-Ba-Ni-Bi») Hebraisk 1 157
19.   Austerrike Springtime «Mrs. Caroline Robinson» Tysk 15 14
20.   Sverige Björn Skifs «Det blir alltid värre framåt natten» Svensk 14 26

KjelderEndra