Anton Martin Schweigaard
(Omdirigert frå A.M. Schweigaard)
Anton Martin Schweigaard (11. april 1808–1. februar 1870) var ein norsk jurist og politikar.
Anton Martin Schweigaard | |||
| |||
Fødd | 11. april 1808 Kragerø | ||
---|---|---|---|
Død | 1. februar 1870 Christiania | ||
Nasjonalitet | Noreg | ||
Yrke | professor, politikar, advokat, samfunnsøkonom | ||
Institusjonar | Universitetet i Oslo | ||
Barn | Christian Schweigaard | ||
Medlem | Kungliga Vetenskapsakademien |
Schweigaard var professor i rettslære og økonomi. Han tala varmt for økonomisk liberalisme og påverka norsk økonomi i kapitalistisk retning. Han blei veld inn på Stortinget i 1842 og sat fram til 1869.
Schweigaard var fødd i Kragerø og døydde i Christiania, nå Oslo. Han er heidra med statue på Universitetsplassen framfor bygningane til Universitetet i Oslo i sentrum av Oslo, og har gitt namn til Schweigaardsgate i Oslo og Schweigaardsparken i løkka i Kragerø.