A1 er ei norsk-britisk gutegruppe som vart starta opp i 1998.

A1

A1 på scena i under Melodi Grand Prix i Skien i 2010.
OpphavSki, Akershus / England
Aktiv1998 - 2002, 2009 -
SjangerPop
PlateselskapSony BMG, Epic Records, Universal Music
MedlemmerChristian Ingebrigtsen
Mark Read
Ben Adams
Tidlegare medlemmerPaul Marazzi

Karriere endre

Oppstart endre

Dei fire medlemmene i A1 vart sett saman av managerane Tim Byrne og Vicky Blood i 1998. Songarane Mark Read, Ben Adams og Paul Marazzi var alle frå England, medan Christian Ingebrigtsen kom frå Siggerud i Akershus. Gruppa debuterte med albumet Here We Come i 1999, der singelen «Be the First to Believe» var med. I 2000 kom andrealbumet The A List, der ein av dei mest kjende songane deira kjem frå; ein coverversjon av a-ha sin Take on Me. Ein annan populær A1-singel det året var «Same Old Brand New You». Begge singlane kom nådde toppen av singellista i Storbritannia og Noreg.

I 2002 gav A1 ut Make It Good, eit noko meir rockeprega album. Singlane «Caught in the Middle» og «Make It Good» vart populære, og i likskap med dei to førre albuma kom plata på fjerdeplass på den norske albumlista. Men då Paul Marazzi same hausten forlét gruppa av personlege grunnar, vart A1 oppløyst. Alle dei fire medlemmene starta no sine eigne soloprosjekt. I 2004 gav dei ut samleplata The Best of A1.

Reunion og MGP endre

Sommaren 2009 bestemte Christian Ingebrigtsen, Ben Adams og Mark Read seg for å framføra ei rekkje konsertar i Oslo desember same året. Dei laga også to nye singlar, «Take You Home» og «Don't Wanna Lose You Again». I januar 2010 deltok dei i fyrste delfinale i Melodi Grand Prix 2010 i Skien. Saman med Didrik Solli-Tangen gjekk dei vidare til hovudfinalen 6. februar, men enda her på andreplass bak Didrik Solli-Tangen. Same året la dei så ut på verdsturné som starta med konsertar i ulike norske byar. Dei deltok i TV 2-programmet Allsang på grensen, og i oktober 2010 gav dei ut eit nytt A1-album som fekk tittelen Waiting for Daylight. Her var begge dei to nye singlane med. Albumet kunne berre kjøpast i Noreg, men her kom det til gjengjeld på fyrsteplassen på albumlista. A1 er framleis aktive som band, og gav ut singelen «Another Year Gone» i november 2011.

Diskografi endre

  • Here We Come (1999)
  • The A List (2000)
  • Make It Good (2002)
  • Waiting For Daylight (2004)

Kjelder endre