Aage Thor Falkanger

Aage Thor Falkanger (fødd 18. februar 1965 i Oslo) er ein norsk jurist og tidlegare dommar i Høgsterett. Han blei utnemnd til høgsterettsdommar 12. februar 2010,[1] og tiltredde stillinga den 1. mai 2010. Frå 2014 er han sivilombodsmann.[2]

Aage Thor Falkanger

Aage Thor Falkanger (2010)
Foto: Justis- og politidepartementet
Statsborgarskap Noreg
Fødd 18. februar 1965 (59 år)
Oslo
Yrke dommar, jusprofessor
Far Thor Falkanger

Han tok juridisk embetseksamen i 1991. Han arbeidde deretter som advokatfullmektig hos Regjeringsadvokaten 1991-92, og var dommarfullmektig i Nord-Troms heradsrett 1992-94. Han var stipendiat ved Juridisk fakultet, Universitetet i Tromsø, 1995-99, og vart dr. juris i 1999. Han var lagdommar i Hålogaland lagmannsrett 1999-2007, og professor i jus ved Universitetet i Tromsø 2007-10. Han var konstituert dommar i Høgsterett i periodane april-juli 2007 og februar-juli 2009. Han var visiting fellow ved Cambridge University, Lauterpacht Centre of International Law, 2007-08.

Aage Thor Falkanger er son til professor i jus Thor Falkanger.

Kjelder endre

Fotnotar endre