Aasta Hansteen-feltet

Aasta Hansteen


Stad Norskehavet
Operatør Equinor
Gass
- opphavleg
- gjenverande
- siste årsprod
- uttaksrate

54,4 mrd. Sm3
54,4 mrd. Sm3

Dato reserve
Produksjons-
periode
Investering 34 milliardar 2013 NOK
Eigarar
Equinor
Wintershall
OMV
ConocoPhillips
51 %
24 %
15 %
10 %

Aasta Hansteen-feltet er eit gassfelt som ligg 300 km vest for Kunna i Meløy. Feltet er bygd ut med eit prosessanlegg på ei flytande såkalla spar-plattform, den største i sitt slag i verda.

Gassfeltet omfattar fire nærliggande funn, det første var opphavleg kjent som funnet Luva,[1] i brønn 6707/10-1 i 1997, dei andre vart kalla Haklang, Snefrid sør[2] og Snefrid nord.[3] Havdjupna i området er på 1270 m. Produksjonen skulle etter den opphavlege planen starte i 2016, men oppstarten vart utsett til seint i 2018. Dei totale investeringane i feltet var budsjetterte til meir enn 34 milliardar kroner. Gassen blir ført til Nyhamna på øya Gossa i Aukra kommune i Møre og Romsdal fylke, gjennom røyrledningen Polarled. Byggekostnadene var for sjølve røyret var ca. 6,5 milliardar kroner.[4] I tillegg har anlegget på terminalen blitt oppgradert til å ta imot gassen.

Aasta Hansteen-feltet får forsyningar frå basen i Sandnessjøen og helikoptertransporten skjer frå Brønnøysund.

Målaren, nynorskforfattaren[5] og kvinnesakskvinna Aasta Hansteen.[6] har gjeve namn til feltet.

Kjelder endre

Referansar

  1. Om namna Luva, Haklang og Snøfrid, sjå artikkel om Harald Hårfagre i Norsk biografisk leksikon
  2. Gassfunn i Norskehavet - 6707/10-2 S Oljedirektoratet 16. oktober 2008
  3. Sokkelåret 2015 - Leting Oljedirektoratet 14. januar 2016
  4. Statoil overleverer Polarled-rørledningen til Gassco Equinor.com 4. mai 2017
  5. Eli Bjørhusdal, Språkrådet Ein nynorsk pioner Henta 30. juni 2018
  6. Regjeringa.no