Abd al-Rahman al-Sufi

Abd ar-Rahman as-Sufi (arabisk عبدالرحمن الصوفي‎, ‘Abd ar-Raḥmān aṣ-Ṣūfī), òg Abd ar-Rahman Abu al-Husain, best kjend som as-Sufi eller al-Sufi, i vesten òg Azophi, (90325. mai 986) var ein persisk astronom.

Abd al-Rahman al-Sufi
Fødd7. desember 903
Rayy
Død25. mai 986
Shiraz
NasjonalitetBuwayhid
Områdeastronomi, matematikk, navigasjon, landmåling
Yrkeastronom, omsetjar, matematikar, astrolog, lyrikar

Liv og virke endre

Han levde ved hoffet til emiren Adud ad-Daula i Isfahan i Persia og jobba med omsetjing og utviding av greske astronomiske verk, særskild Almagest av Ptolemaios. Han bidrog med fleire rettingar av stjernelista til Ptolemaios og gjorde sine eigne utrekningar av lysstyrke og storleiksklasse som ofte avveik frå utrekningane til Ptolemaios. Al-Sufi identifiserte Den store magellanske skya, som er synleg frå Jemen, endå ikkje frå Isfahan. Denne vart ikkje sett av europearar før reisa til Magellan på 1500-talet.

Han observerte at ekliptikkplanet heller med omsyn til himmelekvator og rekna ut med større grannsemd lengda til det tropiske året. Han observerte og skildra stjerner, posisjonane deira, storleiksklassane deira og fargen deira, stjernebilete etter stjernebilete. For kvart stjernebilete utarbeidde han to teikningar, éitt sett frå utanfor den himmelske sfæren, éitt sett frå innsida (som sett frå jorda).

As-Sufi skreiv òg om astrolabiet og fann fleire ytterlegare bruksområde for dette.

As-Sufi publiserte Bok om stjernebilete i år 964, ein astronomisk katalog og atlas med innhald beståande av både skildrande tekst og bilete, der han delte mykje av arbeidet sitt og oppdagingane sine.

Kjelder endre