Abdoulaye Wade
Abdoulaye Wade (fødd 29. mai 1926) var president i Senegal frå 1. april 2000 til 2. april 2012. Han leiar det liberale partiet Parti Démocratique Sénégalais (Det senegalesiske demokratiske partiet), som er medlem av Den liberale internasjonale. Han var i fleire tiår opposisjonsleiar og har både vore fengsla og i eksil.
Abdoulaye Wade | |
![]() | |
Fødd | 29. mai 1926 (97 år) Kébémer |
Yrke | politikar, advokat, deltakar i internasjonale forum |
Verv | President i Senegal |
Periode | 2000-2012 |
Føregangar | Abdou Diouf |
Etterfylgjar | Macky Sall |
Abdoulaye Wade på Commons |

Wade stilte for første gong som presidentkandidat i februar 1978 mot president Léopold Sédar Senghor, og fekk 17,4 % av røystene. Han stilte igjen i 1983, 1988 og 1993, og kom kvar gong på andre plass, bak president Abdou Diouf. I februar 2000 kom han igjen på andre plass i første runde av presidentvalet, men sidan ingen kandidatar fekk reint fleirtal vart det ein andre valomgang 19. mars. Wade vann med 58,5 % av røystene. Han vart president 1. april same året.
Det første året som president måtte Wade samarbeida med eit sosialistisk fleirtal i nasjonalforsamlinga. I 2001 fekk partiet hans fleirtal i parlamentsvalet. Etter ei ny grunnlov som vart vedtatt i 2001 vart presidentperioden redusert frå sju til fem år, frå og med neste presidentperiode. I desember 2004 vart det skrive under ein fredsavtale som skulle gjera slutt på tjue år med krig i Casamance-regionen sør i Senegal. Wade har kome under kritikk frå menneskerettsorganisasjonar som Amnesty International for trakassering og trugsmål mot journalistar og opposisjonelle.[1]
Ved presidentvalet i 2007 vann Wade, som kandidat for Det senegalesiske demokratiske partiet, ein klar siger i første runde, med 55.9 % av stemmane.
KjelderEndra
- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 25. juli 2007, henta 25. juli 2007