Aboa forskingsstasjon

Aboa (frå det latinske namnet på Åbo) er ein finsk forskingsstasjon i Antarktis. Han vart bygd i 1988 og ligg i Dronning Maud Land, kring 130 kilometer frå kysten, på ein nunatak kalla Basen i Vestfjella. Stasjonen vart utforma og bygd av VTT og finansiert av det finske handelsdepartementet.[1]

Aboa
stasjon
Land  Antarktis
Del av Nordenskiöldbasen
Stad Dronning Maud Land
 - koordinatar 73°03′S 13°25′W / 73.050°S 13.417°W / -73.050; -13.417
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Aboa i Antarktis
73°03′00″S 13°25′00″W / 73.05°S 13.416666666667°W / -73.05; -13.416666666667
Aboa forskingsstasjon is located in Antarktis
Aboa forskingsstasjon (Antarktis)
Wikimedia Commons: Aboa station

Stasjonen er berre i bruk om sommaren. Han har plass til 12 menneske, men kan utvidast for korte periodar for ei besetning på opp til 18 menneske.[1]

Den svenske stasjonen Wasa ligg 200 meter unna. I lag dannar Aboa og Wasa Nordenskiöldbasen. Dei to stasjonane samarbeidar tett.[2]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 Aboa-stasjonen, på Finnish Antarctic Research Program (FINNARP)
  2. Forskingsstasjonar Arkivert 2011-05-15 ved Wayback Machine., Swedish Polar Research Secretariat