Acerra
kommune i Italia
Acerra (latin Acerrae) er ein kommune i provinsen Napoli i regionen Campania i Italia med om lag 58 000 innbyggjarar. Han ligg om lag 20 km nordaust for Napoli, og er del av storbyområdet kring Napoli.
Acerra | |||
by | |||
|
|||
Land | Italia | ||
---|---|---|---|
Region | Campania | ||
Provins | Napoli | ||
Høgd | 26 m | ||
Areal | 54,71 km² | ||
Folketal | 58 322 (1. januar 2023)[1] | ||
Folketettleik | 821,02 / km² | ||
Postnummer | 80011 | ||
Retningsnummer | 081 | ||
Acerra 40°57′00″N 14°22′00″E / 40.95°N 14.366666666667°E | |||
Wikimedia Commons: Acerra |
Historie
endreAcerra er ein av dei eldste byane i regionen og var truleg grunnlagd av oskarar med namnet Akeru. Han var den første byen i Den romerske republikken som fekk status civitas sine suffragio (332 fvt.).
Acerra vart øydelagd av Hannibal i 216 fvt., men bygd opp att 210 fvt.
Acerra var ein base for romarane under forbundsfellekrigen i 90 fvt.[2]
I juli 2005 vart det hevda at ein statue av Jomfru Maria i Peterskyrkja i byen flytta på seg og fekk ein rosa farge.[3]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 https://demo.istat.it/?l=it.
- ↑ Canby, Courtlandt. The Encyclopedia of Historic Places. (New York: Facts of File Publicantions, 1984) s. 6
- ↑ «'Moving Madonna' draws faithful» (på engelsk). 26. juli 2005.
- Denne artikkelen bygger på «Acerra» frå Wikipedia på engelsk, den 8. januar 2008.