Ada Madssen
norsk bilethoggar
(Omdirigert frå Ada Madsen)
Ada Margrethe Madssen, òg kjend som Ada Madssen (9. februar 1917–22. september 2009) var ein norsk bilethoggar, utdanna hjå Statens Håndverks- og Kunstindustriskole under Per Krohg i åra 1935 til 1937, og hjå Statens Kunstakademi under Wilhelm Rasmussen og Axel Revold i åra 1938 til 1940.
Ada Madssen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 9. februar 1917 Oslo |
Død |
22. september 2009 (92 år) |
Yrke | bilethoggar |
Ada Madssen på Commons |
Ada Madsen er mest kjend for ein statue i granitt av dronning Maud som står på Slottsplassen i Oslo, attmed porten inn til Dronningparken, avduka av kong Olav V i 1959, statuen av Camilla Collett på Eidsvoll frå 1977, og monumentet over Harriet Backer og Agathe Backer-Grøndahl i Holmestrand frå 1982.
I oktober 2007 vart Ada Madsen utnemnd til riddar av 1. klasse av Den Kongelege Norske St. Olavs Ordenen.