Adam
mannsnamn
(Omdirigert frå Adamus)
- For den bibelske personen Adam, sjå Adam og Eva.
Adam er eit mannsnamn med hebraisk opphav og tyder menneske. Den latinske forma av namnet er Adamus.
Namnet kan òg brukast som etternamn, anten i same form som førenamnet eller som patronym, slik som Adams eller Adamsen. Ein kjend målarfamilie frå München heitte Adam.
Namnet Adam har vorte brukt i Noreg sidan 1400-talet.
Namnedagar
endreAdam har namnedag 24. desember i Noreg og 23. desember i Sverige.
Kjende namneberarar
endreAdam som førenamn
endre- Den bibelske Adam, som i jødedommen, kristendommen og islam er sett på som det mannlege opphavet til menneskja
- Adam av Bremen , tysk mellomalderprest
- Adam Weishaupt (1748-1830), tysk jurist og grunnleggjar av Illuminati
- Adam Ludvig Lewenhaupt (1659-1719), svensk general og greve
- Gustaf Adam Taube (1673-1732), svensk greve
- Adam Smith (1723-1790), skotsk økonom
- Johan Adam Cronstedt (1749 - 1836), svensk greve og offiser
- Adam Oehlenschläger (1779-1850), dansk romantisk forfattar
- Adam Egede-Nissen (1868-1953), norsk postmann og politikar
- Adam Sandler (f. 1966), amerikansk komikar og skodespelar.
- Adam Alsing, (f. 1968), svensk programleiar
- Adam Małysz, (f. 1972), polsk skihoppar
Adam som slektsnamn
endre- Melchior Adam, (1575-1672) tysk litteraturhistorikar
- Robert Adam (1728-1792), skotsk arkitekt
- Johann Friedrich Adam (1780-1838), tysk botanikar som seinare skifta namn til Michael Friedrich Adams
- Albrecht Adam (1786-1862), tysk målar
- Adolphe Adam (1803-1856), fransk komponist og kritikar
- Benno Adam (1812-1892) tysk målar, son til Albrecht
Bakgrunnsstoff
endre- SSB - namnestatistikk for mannsnamnet Adam i Noreg.