Addis Abeba

(Omdirigert frå Addis Ababa)

Addis Abeba er hovudstaden og den største byen i Etiopia. Byen ligg ved foten av Entoto-fjellet (amharisk Ənt'ot'o እንጦጦ). Byen har om lag 3,4 millionar innbyggjarar (2008). Byen har status som sjølvstyrande region (astedader akabibi) i Etiopia.

Addis Abeba
ኣዲስ ኣበባ
by
Flagg
Land  Etiopia
Areal 526,99 km²
Folketal 5 228 000 tal (2022)
Tidssone EAT
Kart
Addis Abeba
9°01′38″N 38°44′13″E / 9.0272222222222°N 38.736944444444°E / 9.0272222222222; 38.736944444444
Wikimedia Commons: Addis Ababa

På amharisk heiter byen Addis Abäba ኣዲስ ኣበባ [adːiːs aβəβa], som eigentleg er ge'ez og tyder 'ny blome'. På oromo har byen namna Finfinnee (av hora finfinnee 'varm kjelde') og Shaggar. På engelsk blir bynamnet skrive Addis Ababa, medan forma Addis Abeba er nytta på mellom anna norsk, svensk, tysk, nederlandsk, fransk, katalansk, italiensk og tsjekkisk. Ethiopian Mapping Authority [1] nyttar òg forma Addis Abeba.

Historie

endre

Plasseringa vart vald av keisarinne Taytu Betul (ge'ez T'aytu Bǝt'ul ጣይቱ ብጡል) og byen vart grunna i 1886 av ektefellen hennar, keisar Menelik II (ge'ez Mǝnilǝk ምኒልክ). 5. mai 1936 vart han okkupert av italienske styrkar. Addis Abeba var hovudstad i Italiensk Aust-Afrika til britiske styrkar sigra over italienarane i 1941, og keisar Haile Selassie vende tilbake 5. mai 1941.

Organisasjonar og kommunikasjon

endre

Den afrikanske unionen har hovudkvarteret sitt i byen til like med United Nations Economic Commission for Africa. Ein finn og Universitetet i Addis Abeba (engelsk Addis Ababa University, amharisk Addis Abäba Yunivärsǝti አዲስ አበባ ዩኒቨርስቲ) her.

I dag har byen flysamband gjennom Bole International Airport og togsamband til Djibouti.

Kjelder

endre
  1. Ethiopian Mapping Authority, arkivert frå originalen 20. mai 2010, henta 16. januar 2010 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Addis Abeba