Adolf Salbubæk

norsk politikar

Martin Adolf Salbubæk (22. desember 189123. oktober 1946) var ein norsk småbrukar og politikar frå Hasselvika i Rissa. Stortingsmann 1934-45 for Arbeidarpartiet.

Adolf Salbubæk
Martin Adolf Salbubæk.jpg
Fødd 22. desember 1891
Død 23. oktober 1946
Parti Arbeidarpartiet

Salbubæk var heile ungdomstida fiskar og jordbruksarbeidar heime hos foreldra. Han tok over småbruket Salbubekken i Fevåg i Stjørna etter dei, dyrka opp 50 dekar jord og bygde nye hus. Ved sida av småbruket dreiv han sildefiske og tok seg jobbar i fiskerinæringa.

Salbubæk melde seg inn i det Det norske Arbeidarparti i 1910. Gjennom mange år var han ein mykje aktiv organisasjonsbyggjar, stod såleis bak stiftinga av fleire lokale partilag i Trøndelag. Då Arbeidarpartiet vart splitta i 1923 støtta store delar av medlemsmassen i Trøndelag Komintern-linja. Desse var då med å danne Norges Kommunistiske Parti, mellom dei Salbubæk som var medlem i NKP eit par år før han melde seg inn att i DnA.

Frå 1922 til 1937 var Salbubæk heradsstyremedlem i Stjørna. Han hadde elles fleire andre kommunale verv. Hausten 1933 vart han vald inn på Stortinget som representant for Arbeidarpartiet og Sør-Trøndelag fylke. Tre år seinare vart han attvald og møtte på Stortinget til 1945. I begge valperiodane var han medlem i Sjøfarts- og fiskerikomiteen.

Under andre verdskrigen vart Salbubæk arrestert av den tyske okkupasjonsmakta og send til fangenskap i Tyskland. Han døydde «som følge av behandling i tysklandsfangenskap».[1]

KjelderEndra

Stortingsbiografi

NotarEndra