Adrian er eit mannsnamn av latinsk opphav. Det er òg noko brukt som slektsnamn. Adrian har namnedag den 4. mars.

Adrian Petit Coclico er ein namneberar frå mellomalderen.

Adrian er, som Hadrian, avleidd frå det latinske Hadrianus, som tyder 'frå Hadria'. Byen det er snakk om heiter no Adria, og har gjeve namn til Adriahavet.

Namnet har variantar som italiensk og spansk Adriano, fransk Adrien, nederlandsk Adriaan og kroatisk Jadranko. Det har kortformer som Ad, Adi, Adri, Ardi, Arri, Arie, Arjan, Jaans og Daan. Nokre kvinnelege former av namnet er Adriana, Adrienne og Adrianne.

Bruk endre

Namnet Adrian var lite brukt i Noreg fram til 1970-åra, då bruken tok til å veksa. Sidan om lag 1985 har bruken av namnet skote i vêret, og i tida rundt 2000 blei over 1,0 % av nyfødde gutar kalla Adrian. I 2009 var det 6 245 norske menn som heitte Adrian.

Namneberarar endre

Kristne leiarar og helgenar endre

 
Den russisk-ortodokse helgenen Adrian av Poshekon.

Det finst minst 14 kristne helgenar, 6 pavar og 1 patriark med namnet Adrian. I norsk tradisjon er pavenamna skrivne Hadrian. Patriarken Adrian verka under Peters den store.

Kjende helgenar kalla Adrian er først og fremst Adrian av Nikomedia, ein kristen romersk soldat som blei halshugd i den aust-romerske byen Nikomedia (no Izmit i Tyrkia) i Diokletians tid (300-talet). Minnedagen hans i den katolske kyrkja er 4. mars.

Adrian av Canterbury (døydde 710) var katolsk erkebiskop av Canterbury og kom opphavleg frå Nord-Afrika. Det er knutt mange under til grava hans.

Andre katolske helgenar er:

  • Heilage Adrian av Korinth i Hellas (d. 251)
  • Heilage Adrian av Damaskus i Syria (d. 634, minna 1. november, drepen då Damaskus blei teken av muslimske hæren Rasjidun)
  • Heilage Adrian av Caesaria i Palestina (d. 309)
  • Heilage Adrian av Maastricht i Holland (d. 688), minna 19. mars
  • Heilage Adrian av Isle of May i Skottland (d. 875, minna 4. mars, drepen av vikingar
  • Heilage Adrian av Hilvarenbeek i Holland (d. 1572), minna 9. juli

Russisk-ortodokse helgenar:

  • Heilage Adrian av Ondrusov (d. 15. mai 1550)
  • Heilage Adrian av Poshekon (d. 1550)
  • Heilage Adrian av Monza (d. 1610)
  • Heilage Adrian av Volokolamsk (minna 8. mai)
  • Heilage Adrian av Uglitsj (minna 26. august)
  • Heilage Adrian Troitskij (ny-russisk helgen, minna 28. januar, drepen 15. februar 1938 av kommunistar og helgenerklært i 2002)

Andre endre

 
Skodespelaren Adrien Brody.

Oppdikta endre

Etternamn endre

Kjelder endre