Adrian Willaert (fødd kring 1490 i Brugge eller Roeselare, død 7. desember 1562 i Venezia) var ein flamsk komponist og grunnleggjaren av den venetianske skulen.

Adrian Willaert

Føddrundt 1490
FødestadBrugge eller Roeselare i Flandern
Død7. desember 1562 (72 år)
DødsstadVenezia i Italia
OpphavGrevskapet Flandern
Aktiv1515 - 1562
Sjangerrenessansemusikk
Verka somkomponist

Biografi endre

Willaert studerte hos Jean Mouton og Josquin Des Prez i Paris og reiste i 1516 til Roma, seinare til Ferrara der han gjekk i teneste hos Kardinal Ippolito I. d’Este. Truleg var han òg i Ungarn mellom 1517 og 1519.

Etter Ippolito døydde i 1520 fekk han teneste hos hertug Alfonso I. d’Este og vart der til 1527 då han vart utnemnd til maestro di cappella i Markuskyrkja i Venezia der han var til han døydde.

Musikk endre

Ifølge eleven Gioseffo Zarlino var Willaert opphavsmannen til oppsettet med dobbeltkor som oppstod inspirert av dei to motståande balkongrekkene i Markuskyrkja og som var grunnlaget for utviklinga av den venetianske skulen. Seinare forsking har vist at Dominique Phinot brukte teknikken før Willaert og Johannes Martini brukte det så tidleg som på slutten av 1400-talet. Likevel var dei dobbeltkorige komposisjonane til Willaert dei første som vart kjende og i stort omfang nytta som inspirasjonskjelder for andre komponistar.[1]

Willaert var ein vyrd lærar[2] og av elvane hans finn ein mellom anna komponistane Cipriano dei Rore som vart etterfølgjaren hans i Markuskyrkja, Constanzo Porta, Francesco della Viola, Gioseffo Guami, Gioseffo Zarlino og Andrea Gabrieli. Desse komponistane danna kjernen i det som skulle vert eden venetianske skulen, musikkretninga som blømde i 150 år og som med tida fekk ei avgjerande rolle for dei stilistiske endringane som førte til starten på barokken. Ein viktig flamsk komponist som Willaert påverka var Orlando di Lasso.[3]

I 1550 publiserte Willaert Salmi spezzati, dobbeltkorige utsetningar av tekster frå Salmane som var det første dobbeltkorige verket i den venetianske skulen. Dei kyrkjemusikalske verka til Willaert befesta flamske teknikkar som ein viktig del av den italienske stilen.[4]

Willaert og hans samtidige utvikla canzonaforma, ei polyfon verdsleg songform og ricercaren - ein forgjengar for moderne instrumentale musikkformer. Willaert arrangerte òg 22 firstemte madrigalar for songstemme og lutt av Philippe Verdelot.[5] Willaert var den første som gjorde omfattande bruk av kromatisme i madrigalar.[6]

Willaert skreiv åtte messer, over 50 hymner og salmar, meir enn 150 motettar, rundt 60 chansons, over 70 madrigalar og fleire instrumentalstykke (ricercarar).

Kjelder endre

  • Denne artikkelen bygger på «Adrian Willaert» frå Wikipedia på bokmål, den 6. april 2010.
    • Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
    • «Adrian Willaert» i The New Grove Dictionary of Music and Musicians, ed. Stanley Sadie. 20 vol. London, Macmillan Publishers Ltd., 1980. ISBN 1-56159-174-2
    • Gustave Reese, Music in the Renaissance. New York, W.W. Norton & Co., 1954. ISBN 0-393-09530-4
    • Harold Gleason og Warren Becker, Music in the Middle Ages and Renaissance (Music Literature Outlines Series I). Bloomington, Indiana. Frangipani Press, 1986. ISBN 0-89917-034-X
  1. Fenlon, Iain, red. (1989). The Renaissance From the 1470s to the end of the 16th century. Englewood Cliffs: Prentice Hall. s. 114. 
  2. Reese, Gustave (1959). Music in the Renaissance. New York: W. W. Norton & Company Inc. s. 371. 
  3. Wooldridge, H. E. (1973). The Oxford History of Music 2. New York: Cooper Square Publishers, Inc. s. 197. 
  4. Robertson, Alec; Stevens, Denis, red. (1965). A History of Music 2. New York: Barnes & Noble, Inc. s. 160. 
  5. Abraham, Gerald (1917). The Concise Oxford History of Music. Oxford: Oxford University Press. s. 228–229. 
  6. Robertson, Alec; Stevens, Denis, red. (1965). A History of Music 2. New York: Barnes & Noble, Inc. s. 149. 

Bakgrunnsstoff endre

Notar endre