Aglaspidida
Aglaspidida eller basal arthropodgruppe er eit utdøydd leddyr frå nedre kambrium til slutten av ordovicium. Dei likna ein del på moderne dolkhalar, og var derfor tidlegare rekna som forfedre til sjøskorpionar og dolkhalar, men dei er i dag rekna å vere nærare i slekt med trilobittane.
Aglaspidida | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Underrike: | Bilaterale dyr Bilateria |
Infrarike: | Protostomia |
Rekkje: | Leddyr Arthropoda |
Underrekkje: | †Artiopoda |
Overklasse: | †Vicissicaudata |
Orden: | †Aglaspidida Walcott, 1912 |
Dyret hadde ei lengd på 5–15 cm. Kroppen var delt i hovud-bryst og bakkropp. Bakarst på bakkroppen var det ein lang brodd. Hovud-bryststykket hadde eit par fasettaugo og seks par ledda vedheng (eit par chelicerer og fem par gangbein).
Dei er ikkje funne i Noreg, men eksemplar av arten Paleomerus hamiltoni er funne i underkambriske lag på Kinnekulle i Sverige.
Kjelder
endre- «Aglaspidida», Store norske leksikon, 25. september 2013, henta 17. juli 2016