Opna hovudmenyen

Agnes Elisabet Hilden Kittelsen (fødd 20. mai 1980) er ein norsk skodespelar frå Vågsbygd i Kristiansand. Ho har sambuar og eitt barn.

Agnes Kittelsen
Agnes Kittelsen 2015.jpg
Fødd 20. mai 1980
Kristiansand
Yrke fjernsynsskodespelar, skodespelar, teaterskodespelar, filmskodespelar

KarriereEndra

Agnes Kittelsen er utdanna ved Statens teaterhøgskole, der ho vart uteksaminert i 2003. Som ein del av utdanninga deltok ho i ei moderne oppsetjing av Aladdin som amatørskodespelar i 2002.

Ho debuterte på fjernsyn i 2004 i NRK-serien Skolen, og spelte same året i kortfilmen Bagasje. Året etter hadde ho ei birolle i Brødrene Dal og mysteriet om Karl XIIs gamasjer. Hausten 2005 spelte ho ved Den Nationale Scene hovudrolla i Alice i Eventyrland.

Langfilmdebuten til Kittelsen kom med filmen Max Manus i 2008, der ho spelte Tikken Manus, kona til hovudpersonen. For denne rolla vann Kittelsen Amandaprisen for 2009 i klassen beste kvinnelege birolle.

Etter dette spelte Kittelsen i fjernsynsserien Honningfellen (2009), før ho i 2010 fekk hovudrolla i den norske komedien Sykt lykkelig, med regi av Anne Sewitsky. Ho hadde også ei rolle i fjernsynsserien Dag.

I Herøyspelet har ho i mange år utmerka seg i rolla som Unn den fagre.

RollelisteEndra

  • 2004: Skolen (fjernsynsserie)
  • 2004: Bagasje (kortfilm)
  • 2005: Alice i Eventyrland (teater)
  • 2005: Brødrene Dal og mysteriet om Karl XIIs gamasjer (miniserie)
  • 2006: Road Movie (kortfilm)
  • 2007: Kaldt produkt (teater)
  • 2008: Max Manus (film)
  • 2009: Honningfellen (fjernsynsserie)
  • 2010: Sykt lykkelig (film)
  • 2010: Neglect (kortfilm)
  • 2010: Dag (fjernsynsserie)
  • 2012: Halvbroren (fjernsynsserie)
  • 2012: Kon-Tiki (film)
  • 2014: Herøyspelet (teater)

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra