Anne Sewitsky (fødd 12. januar 1978) er ein norsk regissør, fødd i Oslo og oppvaksen i Stavern, med slektsrøter frå Farsund og USA.

Anne Sewitsky
Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. januar 1978 (46 år)
Oslo
Yrke filmregissør, regissør, manusforfattar

Liv og virke endre

Sewitsky er utdanna ved Den norske filmskolen i 2006. Kortfilmen hennar Oh My God! vann prisen for beste kortfilm i Generation Kplus under Filmfestivalen i Berlin.

Sewitsky regisserte fire episodar av NRK-serien Himmelblå i fyrste sesong, og var medregissør for NRK-serien Koselig med peis saman med regissørane og manusforfattarane Daniel Voldheim og Thomas Seeberg Torjussen.[1]

I januar 2011 vann Sewitsky «World Cinema Grand Jury Prize, Dramatic» under Sundance filmfestival for komedien Sykt lykkelig (Happy Happy). Dette er den fyrste norske spelefilmen som har vunne ein Sundance-pris.[2] Sykt lykkelig vart vald til norsk kandidat til Oscar-prisen den 1. september 2011.[3]

I februar 2011 hadde Sewitsky sin spelefilm Jørgen + Anne = sant verdspremiere under Filmfestivalen i Berlin, som opningsfilm i Generation-programmet. Dette var fyste gongen at ein norsk spelefilm hadde fått æra av å opne Generation-programmet.[4] For filmen vann ho prisen beste nyskapar under Kanonprisen 2011 og var også nominert i klassen beste regi både under Kanonprisen og Amandaprisen 2011.[5][6][7]

Prisar og nominasjonar endre

Filmografi endre

Kjelder endre

  1. Peiskos starter TV-året Arkivert 2016-10-03 ved Wayback Machine.. Avisa Glåmdalen, 30. desember 2010. Besøkt 2. oktober 2016.
  2. Norges første Sundance-pris
  3. Sykt lykkelig er Norges Oscar-kandidat, Norsk filminstitutt 01.09.2011
  4. Anne Sewitskys nye film åpner barnefilmkonkurransen i Berlin, Norsk filminstitutt 09.02.2011
  5. «Kanonskrell for Triers Oslo-film!». p3.no. 20. mars 2012. Henta 24. juli 2020. 
  6. «Nominasjonsdryss til «Hodejegerne»». adressa.no. 19. mars 2012. Henta 15. februar 2023. 
  7. «Amanda 2011 – de nominerte». rushprint.no. 23. juni 2011. Henta 2. april 2021. 
  8. «Bølgen storfavoritten til Kanonprisen 2016». kinomagasinet.no. 17. februar 2016. Henta 25. juli 2020. [daud lenkje]
  9. Edith Carlmar-prisen til Anne Sewitsky

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Anne Sewitsky