Agnes Steineger (21. januar 186316. juni 1965) var ein norsk målar, teosof og antroposof.

Agnes Steineger

Statsborgarskap Noreg
Fødd 21. januar 1863
Bergen
Død

16. juni 1965 (102 år)

Yrke kunstmålar
Agnes Steineger på Commons

Liv og virke endre

Bakgrunn endre

Foreldra hennar var Petter Starner Steineger, som var kjøpmann i Bergen, og Ingeborg Katharina Hess. Agnes var veslesystera til zoologen Leonhard Hess Stejneger.[1][2]

Steineger budde delar av barndommen i Tyrol. Mora døydde då ho av 12 år gammal, og same året gjekk ho på internatskule i Sunnfjord.

Kunst endre

Ho gjekk i målelære hos Anders Monsen Askevold i Bergen, og seinare hos Marcus Grönvold og Bertha Wegmann i München. Ho debuterte med måleriet Markblomster i Bergen Kunstforening 1883. Steineger studerte ved Académie Colarossi i 1886 og var på representert på Salonen i Paris 1887 og 1888, i tillegg til Verdsutstillinga i Paris 1889. Hovudsakeleg var ho busett i Italia i perioden frå 1902 til 1914. Det mest kjente verket hennar er Selvportrett frå 1895, som er utstilt i Bergen kunstmuseum.[3]

Teosof og antroposof endre

I 1901 kom Steineger i kontakt med teosofien, og ho var blant dei første medlemmane av Teosofisk Samfunn i Kristiania. Steineger traff Rudolf Steiner først i 1908. I 1914 leia ho ei antroposofisk gruppe i Firenze. Ho drog til Goetheanum i Sveits og deltok saman med fleire nordmenn i verksemda med bygging og utsmykking av det første Goetheanum.[4] Ho spela også klaver til eurytmi.

Siste år endre

Etter opphaldet i Sveits flytta Steineger til Noreg og Bergen, og ho var aktiv i Bergensgruppa i Antroposofisk Selskap heilt fram til ho var hundre år gammal. Steineger var venninne av målaren Frida Hoeck Rusti som var fødd i 1861, og saman feira dei sine 102 og 100 år. Agnes Steineger døydde 16. juni 1965, 102 år gammal.

Kjelder endre

  1. Godal, Anne Marit (red.). «Agnes Steineger». Store norske leksikon (på norsk). Oslo: Norsk nettleksikon. Henta 22. june 2013. 
  2. Gunnar Langhelle. «Leonhard Stejneger, Museumsmann, Zoolog». Norsk biografisk leksikon. Henta 1. september 2016. 
  3. Lerberg, Ellen J. «Agnes Steineger». I Helle, Knut. Norsk biografisk leksikon (på Norwegian). Oslo: Kunnskapsforlaget. Henta 22. juni 2013. 
  4. Glenny Alfsen. «Agnes Steineger». Norsk kunstnerleksikon. Henta 1. september 2016. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Agnes Steineger