Agni er ein gammal vedisk gud, personleggjeringa av elden, som framleis blir tilbeden innan hinduismen. Namnet tyder eld, og har samband med orda for eld på latin, ignis og russisk, ogon. Fordi elden blir tend på ny kvar dag, er Agni alltid ung, men samstundes er han udøyeleg. Han er sendebod for dei andre gudane, og tek med seg offer som blir brend på elden til dei.

Hinduritual der Agni, som eld, står sentralt.
Statue frå Kambodsja, tidfest til rundt 600-talet, som truleg viser Agni på bukken sin.

Agni er ein av dei første gudane ein påkallar i hinduritual der ein bruker eld, og det første ordet i det første hymna i Rigveda er namnet hans:

agnim īļe purohitam
yajñasya devam ŗtvijam
hotāraM ratnadhātamam.

Agni prisar eg; den utvalde presten,
Gud og leiar for offeret
ritebrennaren, fullnadgjevaren. [1]

Det finst vidare rundt to hundre hymne til Agni i Vedaene.

Agni var viktigare i den tidlege vediske religionen, som la stor vekt på brennoffer, enn han er i hinduismen av i dag. Likevel er offerelden framleis eit element i mange seremoniar, og ein kan ikkje halda ein hinduisk vigsel utan å påkalla Agni, eller å gå rundt elden hans sju gonger.

Agni er ein av gudane som vakter dei åtte himmelretningane, asjta dik palaka. Retninga hans er søraust.

Mytologisk familie endre

Tradisjonelt skapar ein eld, slik at ein får guden tilstades, ved hjelp av to pinnar som ein gnir mot kvarandre ved hjelp av dei ti fingrane på hendene. Derfor blir det sagt at Agni har to foreldre, men òg at han har ti mødre. Dei ti er òg blitt til ti søstrer eller ti tenestejenter i ulike legender.

Guden kan òg ha ulike namngjeven foreldre: Urguden Dyaus og Prthivi, Kasyapa og Aditi, eller ei dronning som haldt svangerskapet sitt skjult for ektemannen. Agni er blitt omtalt som tvillingen til Indra, og står berre etter denne herskarguden når det gjeld makt og ærefrykt i vedisk tru.

Framstillingar endre

 
Miniatyrbilde av Agni frå 1700-talet.

Innan hindukunst er Agni ofte raud, gjerne med to eller tre fjes som speglar både dei øydeleggjande og dei livgjevande eigenskapane til elden. Håret og auga er svarte. Han kan ha fleire armar og føter. Han rir på ein bukk eller sit i ei vogn dregen av geiter (av og til papegøyar). I handa har guden gjerne ei ause som ein bruker til å ofra til elden med. Andre ting han kan ha kan vera ein stav, ein rosenkrans eller ei vasskrukke.

Dei siste tre versa i det første Rigveda-hymna skildrar guden som mektig, men god:

Åt deg, å Agni, som driv vekk myrkret, kjem me
dag etter dag med bøner
og med ærefrykt. [7]

Herskaren over offer, den strålande,
vaktar over allheimslovane
som trivst i sin eigen bustad, [8]

Ver mild mot oss,
som ein far mot ein son.
Ver med oss for velferda vår. [9]

Anna endre

Eit rakettsystem utvikla av India i 1980-åra fekk namn etter eldguden. Desse rakettane kan mellom anna brukast til atomvåpen.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre