Papegøyefuglar

(Omdirigert frå Papegøyar)
Papegøyefuglar
Grønbrystlori Vini australis
Grønbrystlori
Vini australis
Utbreiing
Utbreiinga av papegøyefuglar
Utbreiinga av papegøyefuglar
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Psittacimorphae
Orden: Papegøyefuglar Psittaciformes
Wagler, 1830

Papegøyefuglar eller papegøyar, Psittaciformes, er ein biologisk orden av nær 400 fugleartar spreidd i dei fleste varme og tropiske område. Det største mangfaldet av papegøyar finn vi i Sør-Amerika og i Australasia.

Skildring endre

Dei karakteristiske trekka ved papegøyefuglar inkluderer eit sterkt krumma nebb, oppreist haldning, kraftige bein og klør. Beina har to tær framover og to bakover (zygodaktyl). Dei fleste parakittar har grøn farge som basis i fjørdrakta, blanda med andre klåre farger, og somme artar har fleirfarga basis. Kakaduer har farger som spenner frå mest kvitt til mest svart, og har ein fjørtopp på hovudet som dei kan reise opp. Dei fleste papegøyar er monomorfiske eller dei syner minimal kjønnsdimorfisme. Dei nolevande artane varierer i storleik frå dvergspettepapegøye, på under 10 gram 8 cm i lengd, til hyasintara på 1,0 meter i lengd, og kakapo på 4 kg i vekt. Om ein ser på kroppslengda, er papegøyefuglar den fugleorden som har størst variasjon av alle ordenar.

Dei vektigaste ingrediensane i dietten åt dei fleste papegøyar er frø, nøtter, frukt, knoppar og anna plantematerialar, og nokre få artar et også insekt og smådyr. Loriar er spesialiserte til å hauste nektar frå blomar, og frå mjuke frukter. Nesten alle papegøyar hekkar i hole tre, legg kvite egg og får ungar som er hjelpelause når egga er klekt.

Saman med fuglane i kråkefamilien, er papegøyefuglar nokre av dei mest intelligente fuglar. Eigenskapen som somme papegøyeartar har til å imitere menneskestemmer forsterkar populariteten som kjæledyr. Førekomsten av papegøyar er svekka grunna fangst og handel med fuglar, jakt, tap av habitat og konkurranse frå artar som er ført inn i habitata deira.[1] I den seinare tida har det vore sett inn tiltak for å verne leveområde for nokre høgprofilerte karismatiske papegøyeartar, dette har òg gjeve vern for mindre kjente artar i økosystemet.[2]

Systematikk endre

Det var tidlegare vanleg å dele inn papegøyefuglar i to familiar, parakittar, Psittacidae, eller ekte papegøyar og kakaduer, Cacatuidae. Frå 2012 blei dei tre artane på New Zealand, kea, kaka og kakapo isolert i ein ny familie kakapofamilien, Strigopidae. Frå 2014 tok Clementslista med enda eit nytt familietakson, med referanse til mellom anna ein publikasjon av Joseph et al. (2012).[3] Namnet på det nye taksonet er Psittaculidae, og samlar parakittar i «den gamle verda», slik at alle amerikanske papegøyar og to parakittslekter i Afrika står att i Psittacidae.[4]

 
Kritisk truga: kakapo, Strigops habroptila
 
Kritisk truga; gyllentoppkakadu, Cacatua sulphurea
 
Kritisk truga: gulnakkeamazon, Amazona auropalliata

Oversyn med namn på takson på familienivå og underfamilienivå:[5][6]

  • Kakapofamilien, Strigopidae, er tre nolevande papegøyar på New Zealand.
  • Strigopinae er ei slekt med ein nolevande art, kakapo
  • Nestorinae er ei slekt med to artar: kea og kaka
  • Kakadufamilien, Cacatuidae: 21 store papegøyar med australasiatisk distribusjon. Kakaduer er kjenneleg på den prangande fjørtoppen og det strerkt bende nebbet, ofte ein hanekam som kan slåast opp.
  • Nymphicinae er ein art, nymfekakadu i Australia
  • Calyptorhynchinae er to slekter med fem artar i Australia
  • Cacatuinae er fem slekter med totalt 15 artar, frå Filippinane og dei austlege indonesiske øyane til Ny-Guinea, Salomonøyane og Australia.
  • Psittaculidae, «parakittfamilien», alle lever i «den gamle verda», totalt meir enn 190 artar
  • Psittrichasinae, børstepapegøye på Ny-Guinea
  • Coracopseinae, ei slekt med fire papegøyar på øyar i Indiahavet og Madagaskar
  • Psittaculinae, ti slekter med 51 artar av parakittar og papegøyar inludert slektene spettepapegøyar og vimpelpapegøyar, flest artar i den australske regionen
  • Psittacellinae, ei slekt med fire papegøyar på Ny-Guinea
  • Platycercinae, ti slekter med 28 rosellaer og parakittar i Australia og vestre stillehavsområdet
  • Pezoporinae, tre slekter med ti parakittar (og papegøyar) i Australia
  • Loriinae, 22 slekter med 68 loriar og fikenpapegøyar, flest artar i Australia. Arten undulat er medlem av denne underfamilien
  • Agapornithinae, tre slekter med 25 hengepapittar og amorpapittar frå Afrika til Ny-Guinea

Fellesnamn endre

  • Parakitt: 81 artar i Psittacida og 50 artar i Psittaculidae deler denne nemninga
  • Papegøye: 44 artar i Psittacida og 68 artar i Psittaculidae
Papegøyar versus parakittar:
«Parakitt»[7] og «papegøye»[8] er generelle nemningar som blir brukte om kvarandre. Ein svak, men tradisjonell distinksjon er kroppsforma: parakittar er vanlegvis mindre enn papegøyar med ein meir slank kropp og lang hale i høve til storleiken på kroppen.[9] Dei har også ein tendens til å vere smidige i flukt.
  • Lori: Nektar og pollenetande fuglar, alle 60 er klassifiserte i stammen Loriini i Psittaculidae, 51 lever i Australia, 8 på stillehavsøyar og mindanaolori på øya Mindanao i Filippinane.
  • Amazon: 32 relativt store medlemmer av Psittacida i den neotropiske regionen
  • Kakadu: eksklusivt fellesnamn for alle 21 medlemmer av kakadufamilien, Cacatuidae
  • Ara: 16 store artar i Psittacida i den neotropiske regionen
  • Rosella: seks artar av Psittaculidae som lever i Australia

Opphav og evolusjon endre

Mangfaldet innanfor Psittaciformes funne i Sør-Amerika og Australasia ymtar om at ordenen kan ha utvikla seg i Gondwana, sentrert i Australasia.[10] Mangelen på papegøyar i fossilregisteret gjev likevel vanskar med å stadfeste hypotesen. Det er for tida eit høgare tal fossile restar frå den nordlege halvkula i tidleg kenozoikum. Molekylære studiar tyder på at papegøyar utvikla seg for omtrent 59 millionar år sidan (område 66–51) i Gondwana. Dei neotropiske papegøyane er monofyletiske, og dei tre hovedkladene oppstod rundt 50 millionar år sidan (område 57–41).[11]

Det blir antekne generelt at Psittaciformes eksisterte under krit-tertiær-utryddinga, 66 millionar år tilbake i tid. Dei var sannsynlegvis fuglar som generelt levde i tre, og hadde ikkje dei spesialiserte knusenebba som moderne papegøyar har.[12] Genomisk analyse gjev sterke bevis på at papegøyar er søstergruppa til sporvefuglar, og dannar kladen Psittacopasserae, som igjen er søstergruppa til falkefuglar.[13]

Dei første ukontroversielle papegøyefossila blir daterte til det tropiske eocen Europa rundt 50 millionar år sidan.

Dei tidlegaste registreringane av moderne papegøyar blir daterte til rundt 23–20 millionar år sidan. Fossilregisteret – hovudsakleg frå Europa – består av bein som tydeleg kan kjennast igjen som tilhøyrande anatomisk moderne papegøyar. Den sørlege halvkula inneheld ingen kjende papegøyeliknande restar tidlegare enn tidleg miocen rundt 20 millionar år sidan.[14]

Trugsmål, status og vernetiltak endre

Raudlista for papegøyefuglar per 2022, fordeling over kategoriar ██ CR - kritisk truga 19 (5%)██ EN - sterkt truga 27 (7%)██ VU - sårbar 53 (14%)██ NT - nær truga 54 (14%)██ LC - livskraftig 224 (59%)██ EW - utrydda i vill tilstand 1 (1%)

IUCN raudlistekategori er etter HBW and BirdLife Taxonomic Checklist, versjon 7 desember 2022.[5] 15 artar lista i IOC World Bird List V13.1, 2023,[6] er ikkje godtatte av HBW.
 
Kritisk truga: gladiatorara, Ara ambiguus
 
Utrydda i vill tilstand: brilleara, Cyanopsitta spixii
 
Kritisk truga: suluvimpelpapegøye, Prioniturus verticalis
 
Kritisk truga: raudstrupelori, Vini amabilis

Dei mest framheva trugsmåla mot papegøyar er jakt for matauk og for å få tak i fjører, samt tap og degradering av leveområde. I tillegg kjem trugsmåla frå handel med ville fuglar.[15] I somme område blir papegøyar forfølgde fordi dei gjer skade for landbruket. For ei tid tilbake tilbaud Argentina skotpremie på munkeparakittar av den grunn, noko som resulterte i at hundretusenvis av fuglar vart drepne, sjølv om dette tilsynelatande ikkje påverka den totale populasjonen i stor grad.[16]

Papegøyar, som er hòlromshekkarar, er sårbare for tap av hekkeplassar og for konkurranse frå introduserte artar på desse stadene. Tap av passande tre for hekking er eit spesielt problem i nokre område, spesielt i Australia, der trea må vere særleg gamle. Mange papegøyeartar finst berre på øyar og er sårbare for introduserte artar som rotter og villkattar, sidan dei manglar den passande antipredatoråtferda som er nødvendig for å handtere rovdyr.[17] Øyartar, som puertoricoamazon, som har små bestandar i avgrensa habitat, er også sårbare for naturlege hendingar, som orkanar.[18] På grunn av avskoging er puertoricoamazon ein av dei sjeldnaste fuglane i verda trass i vernearbeid.[19]

Fleire prosjekt retta spesielt mot vern av papegøyar har vore vellykka. Flytting av attlevande individ av den sårbare kākāpō til sikre område, etterfølgd av intensiv forvaltning og tilleggsfôring, har auka bestanden frå 50 individ til 123 i 2010.[20] I Ny-Caledonia vart uveaparakitten truga av fangst for burfuglhandel og tap av habitat. Samfunnsbasert vern, som eliminerte trugsmåla frå krypskyting, har tillate bestanden å auke frå rundt 600 individ i 1993 til over 2000 individ i 2009.[21]

Frå og med 2009 anerkjenner IUCN 19 artar av papegøyar som utrydda etter år 1500, eit årstal som er brukt for å karakterisere start av utryddingar i historisk tid.[22] Dette inkluderer ikkje arten diademlori (Vini diadema), som har siste stadfesta observasjon i 1913, men som framleis er oppført som kritisk truga.[23]

Handel, eksport og import av alle villfanga papegøyar er regulerte og berre tillatne under spesielle lisensierte omstende i land som er part i Convention on International Trade of Endangered Species (CITES) som tredde i kraft i 1975 for å regulere internasjonal handel med alle truga, viltfanga dyre- og planteartar. I 1975 vart 24 papegøyeartar inkluderte i vedlegg I, og dermed forbaud kommersiell internasjonal handel med desse artane. Sidan den første oppføringa har framhaldne trugsmål frå internasjonal handel ført til at ho la til 32 papegøyevariantar til til vedlegg I.[24] Alle andre papegøyeartar, bortsett frå rosenhovuddvergpapegøye (Agapornis roseicollis), undulat (Melopsittacus undulatus), nymfekakadu (Nymphicus hollandicus) og halsbandparakitt (Psittacula krameri), som ikkje er inkludert i vedlegga, er verna på vedlegg II til CITES.[25][26] I tillegg kan enkelte land ha lovar for å regulere handel med visse artar; til dømes har EU forbode handel med papegøyar,[27] medan Mexico har eit lisensieringssystem for å fange papegøyar.[28]

Sjå òg Oversyn fugleartar utdøydde etter år 1500.

Kritisk truga papegøyeartar endre

19 artar i ordenen papegøyefuglar er klassifiserte som kritisk truga, CR, av Verdas naturvernunion IUCN.[5][6][note 1] I tillegg er brilleara, utrydda i vill tilstand.

Strigopidae - Kritisk truga papegøyar på New Zealand endre

  • Kakapo, Strigops habroptila, Kakapo, Gray, GR, 1845

Cacatuidae - Kritisk truga kakaduer endre

  • Marrikakadu, Zanda baudinii, Baudin's black cockatoo, (Lear, 1832)
  • Filippinarkakadu, Cacatua haematuropygia, Red-vented cockatoo, (Müller, PLS, 1776)
  • Gyllentoppkakadu, Cacatua sulphurea, Yellow-crested cockatoo, (Gmelin, JF, 1788)

Psittacidae - Kritisk truga papegøyar i «den nye verda» endre

Slekt Amazona
  • Puertoricoamazon, Amazona vittata, Puerto rican amazon, (Boddaert, 1783)
  • Gulnakkeamazon, Amazona auropalliata, Yellow-naped amazon, (Lesson, RP, 1842)
  • Keisaramazon, Amazona imperialis, Imperial amazon, Richmond, 1899
Slekt Ara
  • Blåstrupeara, Ara glaucogularis, Blue-throated macaw, Dabbene, 1921
  • Raudøyreara, Ara rubrogenys, Red-fronted macaw, Lafresnaye, 1847
  • Gladiatorara, Ara ambiguus, Great green macaw, (Bechstein, 1811)

Psittaculidae - Kritisk truga parakittar i «den gamle verda» endre

  • Suluvimpelpapegøye, Prioniturus verticalis, Blue-winged racket-tail, Sharpe, 1893
  • Svaleparakitt, Lathamus discolor, Swift parrot, (Shaw, 1790)
  • Maoriparakitt, Cyanoramphus malherbi, Malherbe's parakeet, Souancé, 1857
  • Hòlepapegøye, Pezoporus occidentalis, Night parrot, (Gould, 1861)
  • Oransjebukparakitt, Neophema chrysogaster, Orange-bellied parrot, (Latham, 1790)
  • Blåisselori, Charmosynopsis toxopei, Blue-fronted lorikeet, (Siebers, 1930)
  • Raudstrupelori, Vini amabilis, Red-throated lorikeet, (Ramsay, EP, 1875)
  • Diademlori, Vini diadema, New Caledonian lorikeet, (Verreaux & Des Murs, 1860)
  • Blålori, Vini ultramarina, Ultramarine lorikeet, (Kuhl, 1820)

Kjelde endre

Referansar
  1. Snyder, N; McGowan, P; Gilardi, J; & A Grajal (2000), Parrots: Status Survey and Conservation Action Plan, 2000-2004. Kapittel 1. vii. IUCN ISBN 2-8317-0504-5.
  2. Snyder, N; McGowan, P; Gilardi, J; & A Grajal (2000), Parrots: Status Survey and Conservation Action Plan, 2000-2004. Kapittel 2. side 12. IUCN ISBN 2-8317-0504-5.
  3. Leo Joseph, Alicia Toon, Erin E. Schirtzinger, Timothy F. Wright & Richard Schodde (februar, 2012). «A revised nomenclature and classification for family-group taxa of parrots (Psittaciformes)» (PDF). Zootaxa 3205: 26–40. doi:10.11646/zootaxa.3205.1.2. Arkivert frå originalen (PDF) 11. desember 2013. Henta 11. januar 2015. 
  4. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, C. L. Wood, and D. Roberson (august 2014), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Updates & Corrections – August 2014, Cornell Lab of Ornithology, henta 11. januar 2015
  5. 5,0 5,1 5,2 «HBW and BirdLife Taxonomic Checklist». BirdLife Data Zone (version 7 utg.). BirdLife International. Desember 2022. Henta 6. juli 2023. 
  6. 6,0 6,1 6,2 Gill, Frank; Donsker, David; Rasmussen, Pamela, red. (Januar 2023). «Parrots». IOC World Bird List Version 13.1. International Ornithologists' Union. Henta 2. desember 2023. 
  7. «parakitt» i Det Norske Akademis ordbok Henta 2. desember 2023.
  8. «papegøye». I: Nynorskordboka. Språkrådet og Universitetet i Bergen. <https://ordbokene.no/nn/56335> Henta 2. desember 2023.
  9. parakeet. (n.d.) American Heritage® Dictionary of the English Language, Fifth Edition. (2011). Henta 2. desember 2023 frå https://www.thefreedictionary.com/parakeet
  10. Wright, T.F.; Schirtzinger E. E.; Matsumoto T.; Eberhard J. R.; Graves G. R.; Sanchez J. J.; Capelli S.; Muller H.; Scharpegge J.; Chambers G. K.; Fleischer R. C. (2008). «A Multilocus Molecular Phylogeny of the Parrots (Psittaciformes): Support for a Gondwanan Origin during the Cretaceous». Molecular Biology and Evolution 25 (10): 2141–2156. PMC 2727385. PMID 18653733. doi:10.1093/molbev/msn160. 
  11. Tavares ES, Baker AJ, Pereira SL, Miyaki CY (2006). «Phylogenetic relationships and historical biogeography of neotropical parrots (Psittaciformes: Psittacidae: Arini) inferred from mitochondrial and nuclear DNA sequences». Systematic Biology 55 (3): 454–470. PMID 16861209. doi:10.1080/10635150600697390. 
  12. Ksepka, Daniel T.; Clarke, Julia A.; Grande, Lance (2011). «Stem Parrots (Aves, Halcyornithidae) from the Green River Formation and a Combined Phylogeny of Pan-Psittaciformes». Journal of Paleontology 85 (5): 835–852. Bibcode:2011JPal...85..835K. ISSN 1937-2337. doi:10.1666/10-108.1. 
  13. Suh A, Paus M, Kiefmann M; Paus; Kiefmann; Churakov; Franke; Brosius; Kriegs; Schmitz (2011). «Mesozoic retroposons reveal parrots as the closest living relatives of passerine birds». Nature Communications 2 (8): 443–8. Bibcode:2011NatCo...2..443S. PMC 3265382. PMID 21863010. doi:10.1038/ncomms1448. 
  14. Cameron, Matt (2007). Cockatoos. Collingwood, VIC, Australia: CSIRO Publishing. ISBN 978-0-643-09232-7. 
  15. Olah, George; Butchart, Stuart H. M.; Symes, Andy; Guzmán, Iliana Medina; Cunningham, Ross; Brightsmith, Donald J.; Heinsohn, Robert (2016). «Ecological and socio-economic factors affecting extinction risk in parrots» (PDF). Biodiversity and Conservation (på engelsk) 25 (2): 205–223. ISSN 0960-3115. doi:10.1007/s10531-015-1036-z. 
  16. Campbell, T. S. (December 2000). «The Monk Parakeet». The Institute for Biological Invasions. Arkivert frå originalen 1 July 2007. 
  17. Moorhouse, Ron; Greene, Terry; Dilks, Peter; Powlesland, Ralph; Moran, Les; Taylor, Genevieve; Jones, Alan; Knegtmans, Jaap; Wills, Dave; Pryde, Moira; Fraser, Ian; August, Andrew; August, Claude (2002). «Control of introduced mammalian predators improves kaka Nestor meridionalis breeding success: reversing the decline of a threatened New Zealand parrot». Biological Conservation 110 (1): 33–44. doi:10.1016/S0006-3207(02)00173-8. 
  18. White, Thomas H. Jr.; Collazo, Jaime A.; Vilella, Francisco J.; Guerrero, Simón A. (2005). «Effects of Hurricane Georges on Habitat Used by Captive-Reared Hispaniola Parrots (Amazona ventralis) Released in the Dominican Republic» (PDF). Ornitologia Neotropical 16: 405–417. 
  19. «Natural Resources – Endangered and Threatened Species». USDA. Henta 21 August 2013. 
  20. Kakapo Recovery Programme (2010). «Then and Now». Kakapo Recovery Programme. Henta 1 April 2010. 
  21. Barré, Nicholas; Theuerkauf, Jörn; Verfaille, Ludovic; Primot, Pierre; Saoumoé, Maurice (2010). «Exponential population increase in the endangered Ouvéa Parakeet (Eunymphicus uvaeensis) after community-based protection from nest poaching» (PDF). Journal of Ornithology 151 (3): 695–701. doi:10.1007/s10336-010-0499-7. 
  22. Cooney, Stuart J. N. (2009). Ecological Association of the Hooded Parrot (Psephotus dissimilis) (PDF) (Thesis). Australian National University. s. 13. 
  23. BirdLife International (2019). «Charmosyna diadema». IUCN Red List of Threatened Species 2019: e.T22684689A156512185. doi:10.2305/IUCN.UK.2019-3.RLTS.T22684689A156512185.en. Henta 12 November 2021. 
  24. A group of 226 non-governmental organisations (19 May 2005). «The European Union Wild Bird Declaration» (PDF). birdsareforwatching.org. Arkivert frå originalen (PDF) 11 April 2016. Henta 14 September 2007. 
  25. «Appendices I, II and III valid from 22 June 2021». CITES. Henta 3. desember 2023. 
  26. «CITES Information». American Federation of Aviculture. Arkivert frå originalen 14 April 2017. Henta 6 August 2016. 
  27. «EU Permanently Bans Import of Wild Birds». Defenders of Wildlife. January 2007. Arkivert frå originalen 13 April 2019. Henta 5 August 2016. 
  28. «Stopping the Illegal Mexican Parrot Trade» (PDF). Defenders of Wildlife. Henta 2. desember 2023. 
Notar
  1. Diademlori er tatt med i lista trass i at arten er merkt som utdøydd i IOC World Bird List. Birdlife International, på den andre sida, reknar arten som kritisk truga