Agnostida
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Underrike: Eumetazoa
Infrarike: Protostomia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Trilobitomorpha
Klasse: Trilobittar Trilobita
Orden: Agnostida
Salter, 1864

Agnostida er ein utdøydd leddyrorden som vanlegvis blir klassifisert saman med trilobittane, men har òg blitt rekna for å vere meir i slekt med krepsdyra.

Dei hadde skal av kalk. Hovudskjoldet og haleskjoldet var like store og ganske like kvarandre. Kroppen mellom desse to hadde berre to ledd. Dyra levde truleg konstant samanrulla slik at fronten av hovudet og bakkanten av halen låg nær kvarandre. Funksjonelt liknar dette på leveviset hos muslingkreps som har to skal på kvar side av hovudet som kan lukkast.

Agnostidane finst ofte over store område og levde derfor planktonisk. Dei oppsto i slutten av underkambrium og utvikla seg raskt i mellom-, og overkambrium og er derfor viktige ledefossil i desse tidsperiodane. Gruppa levde gjennom heile ordovicium, men var sjeldne og mindre utbreidd.

Den mest kjente agnostiden er Agnostus pisiformis frå nedste overkambrium i Skandinavia, der han kan danne tjukke lag kalkstein som berre består av skal av dette dyret. På Kinnekulle i Sverige har ein funne eksemplar med alle bein og antenner bevart, slik at denne arten truleg er eit av dei mest detaljert kjende fossile leddyra som finst.

Kjelder endre