Ajloun guvernement

Ajlun guvernement, òg skrive Ajloun guvernement (arabisk محافظة عجلون), er eit guvernement i Jordan som ligg nord for den jordanske hovudstaden Amman. Ajlun guvernement har den fjerde høgaste folketettleiken i Jordan (etter Irbid, Jerash og Balqa guvernement) med 350,1 innbyggjarar/km² (2012-estimat). Det grensar til Jerash guvernement i sør og aust, og Irbid guvernement i nord og vest.

Ajloun guvernement
محافظة عجلون
guvernement
Byen Ajloun er hovudstaden i Ajloun guvernement
Land  Jordan
Nahiyaer 2
Byar Al Wahadinah
Hovudstad Ajloun
 - høgd 760 moh.
 - koordinatar 32°21′N 35°44′E
Areal 420 km²
Folketal 146 900  (2012)
Guvernør Ali Azzam
Tidssone GMT +2
Urban 75.9%
Landsbygd 24.1%
Kart
Ajloun guvernement
32°20′13″ N 35°45′8″ E
Ajloun guvernement i Jordan
Ajloun guvernement i Jordan
Ajloun guvernement i Jordan

Administrativ inndeling endre

  • Ajlun nahiya: omfattar 50 byar og landsbyar, med administrativt senter i Ajloun.
  • Kofranjah nahiya: omfattar 19 byar og landsbyar, med administrativt senter i Kofranjah.

Klima endre

Ajloun ligg i høgt terreng og er ein av dei kjøligaste byane i Jordan, med ein normal maks.temperatur i januar på 8,2 grader C og ein min.temperatur på 2,8 grader C. Det er vanleg med snø om vinteren.

Galleri endre

Kjelder endre