Jerash guvernement

Jerash (arabisk محافظة جرش‎) er eit guvernementet i Jordan. Det ligg nord for Amman, hovudstaden i Jordan. Administrasjonssenter i guvernementet og den største byen er Jerash.

Jerash
جرش
region
Land  Jordan
Byar Sakib
Hovudstad Jerash
Areal 409,8 km²
Folketal 237 059 (2015)[1]
Tidssone GMT +2
Retningsnummer +(962)2
Urban 62.6%
Rural 37.4%
Kart
Jerash guvernement
32°16′37″N 35°54′20″E / 32.2769°N 35.9056°E / 32.2769; 35.9056
Plasseringa til Jerash guvernement in Jordan
Plasseringa til Jerash guvernement in Jordan
Plasseringa til Jerash guvernement in Jordan
Wikimedia Commons: Jerash

Jerash guvernement har det minste arealet av dei 12 guvernementa i Jordan, men den nest hgøaste folketettleiken etter Irbid guvernement. Jerash guvernement er det sjuande største etter folketal.[2]

Geografi

endre
 
Fjell i Jerash guvernement i Sakib.
 
Zarqaelva renn gjennom fjella i Jerash.
 
Byen Jerash i Jerash guvernement

Jerash er eit kupert område med frodig jord, og grensar til Irbid guvernement i nord, Ajlun guvernement i vest, Mafraq guvernement og Zarqa guvernement i aust, og Balqa guvernement i sør. Årsmiddelnedbøren i Jerash guvernement er kring 400–500 mm som er det høgaset i landet.[3] Høgda varierer frå 300 til 1300 meter over havet med fleire elvar, mellom anna Zarqaelva.

Historie

endre

I det første hundreåret av den kristne tida fekk byen Jerash (då kalla Gerasa) ein rask vekst under romersk styre og Pax Romana. Han vart ein del av Dekapolis og voks i konkurranse med den eldre byen Petra som handelsby. Innbyggjarane vann ut malm i Ajlunfjella i nærleiken. Frå midten av det første hundreåret, førte velstanden med seg fleire monument, som framleis står i dag. På 100-talet førte dei romerske krigane i Asia til ytterlegare fordelar. Det vart bygd gode vegar til Pella, Filadelfia (i dag Amman), Dion og til provinshovudstaden Bos(t)ra. Keisar Hadrian vitja byen vinteren 129-130. Etter kvart som den politiske situasjonen endra seg, vart byen mindre viktig.

Demografi

endre

Det estimerte folketalet til Jerash guvernement i 2010 var kring 183 400. Den jordansle folketeljinga i 2004 indikerer at folketalet i Jerash guvernement var 153 602.

Flyktningleirar

endre

Det ligg to palestinske flyktningleirar i Jerash guvernement, Souf- og Jerash-leiren.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Jerash guvernement