Corniche er eit opphavleg fransk ord for ein veg som går langsmed ei klippe eller fjellside, der grunne stig på den eine sida av vegen og fell på den andre. Men omgrepet vert òg nytta om vegar som går langs eit hav eller eit vassdrag. Etter denne skildringa har Noreg mange slike vegar, men ordet er, med få unntak, ikkje i bruk utanom den frankofone verda og Det nære austen.

Cornichen ved Monaco-Monte Carlo i 1906.
Beirut Corniche.
Corniche du Président John F. Kennedy i Marseille.

Ordet kjem frå det franske route à corniche eller route en corniche.

Kjende cornicher endre

Dei tre cornichane ved den austlege franske rivieraen endre

Nokre av dei mest namngjetne[1][2] er corniche-vegane langs den franske rivieraen, i traktene rundt Nice og Monaco. Dei er tre i alt:

  • La Grande Corniche (Den store cornichen) – 31 kilometer lang, bygd av Napoleon I langs den tidlegare Via Aurelia. Oppom Monaco stig han nokre stader til 450 meter over havet.
  • La Moyenne Corniche (Mellomcornichen) – 33 kilometer lang, strekkjer seg frå Menton til Nice, går mellom anna på 150 meter over havet.
  • La Corniche Inférieure (Den nedre corniche) – 31 kilometer lang, bygd av fyrsten i Monaco. Han er kystvegen som går dei forskjellige kystbyane i denne delen av Rivieraen.

Andre kjende cornicher i Frankrike endre

Cornicher utanfor Frankrike endre

Fleire byar og stader er kjende for sine cornicher (i arabisktalande land: ‏ورنيش‎):

Langs Middelhavet endre

Langs Nilen endre

Kjelder endre

  1. "Parcourez la plus prestigieuse route de France". Arkivert 2016-01-05 ved Wayback Machine. chevrolet.fr. Lest 27. desember 2015.
  2. " Flottans glada gossar (1954) - Pressreaktion". Svensk Filmdatabas. Lest 27. dedember 2015.