Emiratet Ajman (arabisk إمارة عجمانّ‎, romanisert Imārat al-ʿAǧmān) er eit av sju emirat i Dei sameinte arabiske emirata. Med eit areal på berre 260 kvadratkilometer, er Ajman det minste av emira etter areal. Setet i emiratet er byen Ajman, som emiratet er kalla opp etter. Emiratet grensa i nord, sør og aust til emiratet Sharjah.[3] Det har eit folketal på kring 505 000 innbyggjarar i 2017.

Emiratet Ajman
إمارة عجمانّ, Imārat al-ʿAǧmān
Emirat
Flagg
Symbol
Land  Dei sameinte arabiske emirata
Areal 259 km²
Folketal 504 836 (2017)[1][2]
Leiar Humaid bin Rashid Al Nuaimi
Tidssone UAE standardtid (UTC+4)
Kart
Emiratet Ajman
25°24′N 55°30′E / 25.4°N 55.5°E / 25.4; 55.5
Kart som viser Emiratet Ajman.
Kart som viser Emiratet Ajman.
Kart som viser Emiratet Ajman.
Wikimedia Commons: Emirate of Ajman

Emiratet ligg ved kysten av Persiabukta og kontrollerer òg to små innlands-eksklavar: Manama og Masfut, som begge er hovudsakleg jordbruksområde. Kring 95 % av innbyggjarane i emiratet bur i byen Ajman, som er ein del av Dubai-Sharjah-Ajman storbyområde. Ajman vert styrt av sjeik Humaid bin Rashid Al Nuaimi frå Al Nuaimi-stamma. Kronprinsen i emiratet er sjeik Ammar bin Humaid Al Nuaimi.

Historie

endre

Emiratet Ajman kan sporast attene til 1810, då sjeik Rashid bin Humaid Al Nuami og følgjarane hans tok kystbyen Ajman frå medlemmar av Al Bu Shams-stamma i ein kort konflikt.[4]

Ei britisk kartlegging av farvatna her i 1822 noterte at Ajman hadde ei av dei beste bakevjene langs kysten og var ein liten by med eit enkelt festningsbygg, der herskaren budde. Som i mange av dei andre kystbyane i det som vart Traktatkysten, flytta folkesetnaden på seg etter prstida og det var så mange som 1400 til 1700 mann frå Mahamee-stamma der under perlefangstsesongen, og mange av desse reiste til Al Buraimi under daddelinnhaustinga. Kartlegginga skreiv òg at Rashid bin Ahmed rekna seg sjølv som sjølvstendig frå Sharjah, men at Sharjah ikkje såg det slik, sjølv om dei ikkje hadde noko makt over Ajman.[5]

Den 8. januar 1820, etter at Ras Al Khaimah vart angripen av ein britisk styrke leia av sir WG Keir, signerte sjeik Sultan bin Saqr av Sharjah ein avtale med Storbritannia og overgav tårna, kanonane og fartøya til Sharjah, Ajman, Umm Al Quwain og områda dei styrte. Ajaman nekta først å følgje Sultan bin Saqr, men kapitulerte i 1823.[6]

2. desember 1971 vart Ajman, under sjeik Rashid bin Humayd Al Nuaimi, med i Dei sameinte arabiske emirata.

Herskarar

endre

Herskarane i emiratet har vore:

  • 1810 – 1816 sjeik Rashid bin Humaid Al Nuaimi
  • 1816 – 1838 sjeik Rashid bin Ahmed Al Nuaimi (d. 1838)
  • 1838 – 1841 sjeik Humaid bin Rashid Al Nuaimi (1st time) (d. 1873)
  • 1841 – 1848 sjeik `Abd al–`Aziz I ibn Rashid Al Nuaimi (d. 1848)
  • 1848 – 1873 sjeik Humaid II bin Rashid Al Nuaimi (2nd time)
  • 1873 – april 1891 sjeik Rashid bin Humaid Al Nuaimi (d. 1891)
  • April 1891 – 8. juli 1900 sjeik Humaid bin Rashid Al Nuaimi (d. 1900)
  • 8. juli 1900 – februar 1910 sjeik Abdulaziz bin Humaid Al Nuaimi (b. 18.. – d. 1910)
  • Februar 1910 – januar 1928 sjeik Humaid bin Abdulaziz Al Nuaimi
  • Januar 1928 – 6. september 1981 sjeik Rashid ibn Humaid Al Nuaimi (b. 1904 – d. 1981)
  • 6. september 1981 – i dag sjeik Humaid ibn Rashid Al Nuaimi (b. 1931)

Geografi

endre
 
Ajman by (midten) og Sharjah by (nedanfor).

Ajman er den minste av Dei sameinte arabiske emirata, og dekkjer berre 260 kvadratkilometer. Byen ligg ved kysten av Persiabukta og er heimstad til 95 % av det samla folketalet i emiratet. I 2010 var folketalet 262 000, og av desse var 16 % emiratarabarar i følgje offisiell statistikk.[7]

I tillegg til byen Ajman, består emiratet av to eksklavar, Manama og Masfut. Manama ligg på sletten ved foten til Hajjarfjella, kring 60 km aust for Ajman by, medan Masfut ligg i sjølve fjella, kring 110 km sør for Ajman by.

Byen og hovudområdet i Ajman grensa på landsida til Sharjah, medan Manama deler grense med Sharjah og Fujairah. Masfut grensar til Oman, Dubai (landsbyen og eksklaven Hatta) og Ras Al Khaimah. Både Manama og Masfout er frodige jordbruksområde.

Det meste av hovudområdet i emiratet er utbygd med store forstader langs hovudvegen E311, og lettindustriområde og lagerhus mot nordaust. Vika ved Ajman er oppmudra og murt opp til eit hamneområde. Ajman har ein blømande tekstilindustri og 15 % av produksjonsbedriftene i landet ligg her.[8]

Dei små områda med sandørken utafor byen har berre spreidd vegetasjon med gras og kratt, ghaf-tre og enkelte daddelpalmar.[9] Ein finn mykje akasie og ghaf rundt Manama, som lenge har vore eit jordbrusksenter. I Masfut er det lundar med daddelpalmar og frukttreplantasjar.

Styre

endre

Ajman er eit monarki, styrt av sjeik Humaid bin Rashid Al Nuaimi. Kronprinsen i emiratet er sjeik Ammar bin Humaid Al Nuaimi. Emiratet har blitt styrt av medlemmar av Al Nuaimi-familien (eller stamma) sidan 1810. Emirate medverkar med fire senatorar, eller sete, i det føderale nasjonalrådet, som tel 40 seter.

Økonomi

endre

Bruttonasjonalprodukt i Ajman i 2012 var 4,23 mrd. dollar.[10] Området har ein positiv handelsbalanse, med 1,61 mrd. dollar i eksportinntekter og import for 600 millionar dollar.[11]

Turistmål

endre

Ajman fort var tidlegare busetnaden til herskaren i Ajman, men dette vart gjeve til politivesenet i Ajman i 1967. Det vart sidan omgjort til eit museum.

Det raude fortet vart bygd under sjeik Humaid bin Abdul Aziz Al Nuaimi (1910-1928), og består av fire rom i to tårn. Fortet vart restaurert i 1986 og eit tredje tårn vart lagt til dei to eldre tårna.[12]

Manama museum opna i 2012 og ligg i Al Mareer fort, som opphavleg vart bygd under regjeringstida til sjeik Rashid bin Humaid Al Nuaimi (1873 – 1891).

Ved Ajman corniche vart Al Murabaa vakttårn bygd i 1930-åra.

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 https://www.globalmediainsight.com/blog/uae-population-statistics/.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 "United Arab Emirates Population Statistics (2021)".
  3. «Ajman (City and Emirate) – TEN Guide (UAE)». Guide.theemiratesnetwork.com. Arkivert frå originalen 6. oktober 2010. Henta 13. november 2011. 
  4. Wilson, Graeme (2010). Rashid: Portrait of a Ruler. UK: Media Prima. s. 12. ISBN 9789948152880. 
  5. Schofield, R (1990). Islands and Maritime Boundaries of the Gulf 1798–1960. UK: Archive Editions. s. 543. ISBN 9781852072759. 
  6. Schofield, R (1990). Islands and Maritime Boundaries of the Gulf 1798–1960. UK: Archive Editions. s. 133. ISBN 9781852072759. 
  7. «Ajman population at over 262 000». UAE Interact. 16. juli 2011. Henta 5. juni 2016. [daud lenkje]
  8. Johnson, Alice (23. mars 2014). «Manufacturing boosts UAE BNP». Zawya. Henta Nov 2014. [daud lenkje]
  9. «Nature». UAE Interact. 16. juni 2011. Arkivert frå originalen 22. november 2015. Henta 5. juni 2016. 
  10. Ajman Annual Economic Report. UAE: Government of Ajman. s. 22–30. 
  11. Ajman Annual Economic Report. Government of Ajman. 2013. s. 34. 
  12. «The Red Fort». Ajman Tourism. Henta 5. juni 2016. [daud lenkje]

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Emiratet Ajman
  Reiseguide for Ajman frå Wikivoyage