Ajman

(Omdirigert frå Ajman by)

Ajman (arabisk عجمان‎, romanisert Aǧmān) er hovudstaden i emiratet Ajman i Dei sameinte arabiske emirata og ligg langs Persiabukta.

Ajman
عجمان
by
Land  Dei sameinte arabiske emirata
Emirat Emiratet Ajman
Folketal 490 035 (2017)[1]
Kart
Ajman
25°23′58″N 55°28′47″E / 25.399444444444°N 55.479722222222°E / 25.399444444444; 55.479722222222
Wikimedia Commons: Ajman

Folketal

endre

Byen hadde 238 000 innbyggjarar i 2010. Dette er meir enn 90 % av folketalet i heile emiratet. Byområdet glir direkte over i byen Sharjah langs kysten i sørvest, som igjen har vokse saman med Dubai. I lag dannar dei eit samanhengande byområde.

Handel

endre

I Ajman ligg kontoret til emiren, fleire selskap og marknadar, og kring 50 internasjonale og lokale butikkar. Her ligg òg fleir bankar.

Turisme

endre

Ajman har kome i gang att etter finanskrisa i 2007-2008. Turistmåla i emiratet, inkludert hotell, shopping og kulturinstitusjonar, er i rask vekst. Av turistmål finn ein Ajman nasjonalmuseum nær Ajman Fort, Det raude fortet og museet i innlandsenklaven Manama.

Mange familiar vitjar den travle og populære cornichen i Ajman på kveldane og i helgane med mange snøggmatbutikkar, kafear og bodar.

Samferdsle

endre

Den naturlege hamna i Ajman ligg langs ei naturleg vik som går innover i byen.[2] Arab Heavy Industries ligg i Ajman og er ein av dei største skipsprodusentane i verda.[3]

Hovudflyplassen i emiratet ligg i enklaven Manama, kring 60 km aust for byen, og er dermed i ein av dei mest fjerntliggande delane av emiratet. Sharjah internasjonale lufthamn ligg derimiot berre nokre få kilometer unna.

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «كتاب التعداد العام للسكان 2017». s. 44. 
  2. Ajman Free Zone, arkivert frå originalen 18. april 2008, henta 19. september 2016 
  3. World66: Ajman

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Ajman