Eit akademi (gresk akademeia) er ein utdanningsinstitusjon eller foreining til støtte for høgare læring innan ulike disipliner som vitskap eller kunst.[1]

Rafael si freske «Skulen i Athen» framstiller akademiet til Platon.

Namnet stammar frå Platon sin skule for filosofi og læring i Athen, grunnlagd ca. 385 fvt. Platon sitt Akademi låg i nærleiken av eit tempel i utkanten av byen som etter tradisjonen skulle vere oppkalla etter helten Akademos.[1] Namnet på tempelet kom også til å visa til skulen hans.

Det første offisielle kunstakademiet, Accademia del Disegno, vart grunnlagd i 1563 i Firenze av Giorgio Vasari med hertug Cosimo I de' Medici og Michelangelo som leiarar. Ei viktig oppgåve for dette og seinare akademi var å gjera laugsystemet overflødig og heve statusen til kunstnaren over den til handverkaren ved å gje både teoretisk og praktisk undervisning.

Vitskapleg akademi endre

I dag brukar ein omgrepet akademi i ei rekkje samanhengar. Ein bestemt type moderne institusjon er vitskapelege akademi (eller lærde akademi), som er vitskaplege, eventuelt også kunstneriske, institusjonar med akademikarar (eventuelt kunstnarar) som medlemmar. Medlemskapet er som regel eksklusivt, slik at ein vert vald inn av dei andre medlemmane[2] på livstid på grunnlag av vitskaplege og/eller kunstneriske merittar. Nokre døme på vitskaplege akademi er:

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «akademi» i Nynorskordboka.
  2. Amundsen, Leiv; Skoie, Hans (20. februar 2018). «akademi». Store norske leksikon (på norsk bokmål).